YouVersion Logo
Search Icon

Hebrearane 7

7
Liksom Melkisedek er større enn Abraham og Levi, soleis er Kristus som prest etter Melkisedeks større enn den levitiske øvstepresten, 1-10. Det same syner seg og i det at Gud fann det naudsynt å skipa til eit nytt prestedøme, endå det levitiske prestedømet var til, 11-14, og like eins i det at Kristus, som hev dette nye prestedømet, er prest i kraft sitt eige guddomlege liv, ikkje berre etter eit bod som segjer at han skal vera det, 15-19. Gud ærar og dette nye prestedømet framfor det gamle, med di han stadfester det me eiden sin, 20-22, og av di han som hev det, Kristus, er udøyeleg, kann han mykje betre fullføra si prestegjerning enn hine gamle øvsteprestane, som laut døy, 23-25. Kristus er i alle måtar ein sovoren øvsteprest som me laut hava, 26-28.
1For denne Melkisedek, konge i Salem og Den Høgste Guds prest, han som gjekk Abraham til møtes då han kom att frå sin siger yver kongane, og som velsigna han,#1 Mos 14,18 2han som Abraham og gav tiend av alt, og som er, når hans namn vert utlagt, fyrst rettferds konge, dinæst og Salems konge, det er freds konge#Hebr 7,4; 1 Mos 14,20 3som er utan far, utan mor, utan ættetavla, og som korkje hev dagars byrjing eller livs ende, men er gjord lik Guds Son - han vert verande prest for alltid. 4Og sjå kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, jamvel gav tiend av herfanget. 5Og dei av Levi søner som fær prestedømet, hev påbod um å taka tiend etter lovi av folket, det er av sine brør, endå desse er komne or Abrahams led;#4 Mos 18,21 6men denne, som ikkje reknar si ætt frå dei, han tok tiend av Abraham og velsigna han som hadde fått lovnadene.#1 Mos 14,19; Rom 4,13 7Men utan all motsegn er det den ringare som vert velsigna av den høgre. 8Og her er det døyelege menneske som tek tiend, men der ein som det vert vitna um at han lever. 9Og um ein so må segja: Gjenom Abraham hev endå Levi, som tek tiend, sjølv gjeve tiend;#4 Mos 18,26 10for han var i sin fars lend då Melkisedek gjekk han til møtes. 11Var det då fullkomenskap å vinna ved det levitiske prestedømet - for det var folket bunde til ved lovi - kvi turvest det då at ein annan prest skulde standa fram etter Melkisedeks vis og ikkje verta nemnd etter Arons vis?#Hebr 7,18-19 12For når prestedømet vert umskift, vert det naudsynleg og eit umskifte med lovi; 13for han som dette vert sagt um, høyrde til ei onnor ætt, og ingen av henne hev gjort tenesta for altaret; 14for det er kjent nok at vår Herre er upprunnen av Juda, og til denne ætti hev ikkje Moses tala noko um prestar.#1 Mos 49,10; Rut 4,17-22; Jes 11,1; Matt 1,1; Luk 3,23-38 15Og det er endå meir klårt når det stend fram ein annan prest etter Melkisedeks vis, 16ein som ikkje hev vorte det etter eit kjøtleg bods lov, men etter eit uforgjengeleg livs kraft; 17for han fær det vitnemålet: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.#Hebr 5,6; Sal 110,4 18For eit bod som fyrr galdt, vert avlyst, av di det var maktlaust og gagnlaust#Gal 4,9; Rom 8,3 19- for lovi førde ingen ting fram til fullkomenskap - og ei betre von vert innførd, so me kann nærma oss til Gud.#Joh 1,17; Apg 13,38-39; Rom 3,20-26; Ef 2,18; 3,12; Hebr 4,16 20Og so visst som det ikkje vart gjort utan eid 21- for hine hev vorte prestar utan eid, men denne med eid ved den som segjer til han: Herren svor, og han skal ikkje angra det: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis -#Sal 110,4 22so visst er det ei hævare pakt som Jesus hev vorte borgsmann for.#Hebr 8,6 23Og hine prestane hev vore fleire, av di dei ved dauden vart hindra i å halda ved; 24men denne hev eit uforgjengeleg prestedøme, av di han vert verande til æveleg tid. 25Difor kann han og fullkomleg frelsa dei som kjem til Gud ved han; for han lever alltid til å ganga i bøn for dei.#Hebr 9,24; Rom 8,34; 1 Joh 2,1 26For me laut og hava ein sovoren øvsteprest som er heilag, uskyldig, rein, skild frå syndarar og upphøgd yver himlane,#Hebr 4,14-15; 1 Pet 2,22 27ein som ikkje dagleg treng til, som øvsteprestane, å bera fram offer fyrst for sine eigne synder og so for syndene åt folket; for gjorde han ein gong for alle då han ofra seg sjølv.#3 Mos 16,3.6-7; Hebr 9,12.26 28For lovi set til øvsteprestar menneske som hev vesaldom, men eidens ord, som kom etter lovi, set Sonen inn, han som er fullenda for all æva.#Hebr 5,1-2.9; 2,10

Currently Selected:

Hebrearane 7: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in