Hebrearane 12
12
Dei truande, som hev slike vitne ikring seg, vert mana til å sjå på Jesus og fullenda laupet sitt i tru og tolmod; når dei vert tukta med lidingar, må dei ikkje gløyma at det er Guds faderkjærleik som sender lidingane, og sender dei i den beste og kjærlegaste meining, 1-11. Dei må manna seg upp og sjå til at ingen fell ut or nådestandet, 12-17; for den nye pakti er mykje herlegare enn den gamle, 18-24; men nett difor må dei og taka seg i vare so dei ikkje vanvyrder eller vandar henne og med det kjem inn under Guds brennande vreide, 25-29.
1So lat no og oss, etter di me hev so stor ei sky av vitne ikring oss, leggja av alt som tyngjer, og syndi som heng so fast ved oss, og med tolmod renna i den kappstrid, som er oss fyresett,#2 Kor 7,1; 1 Pet 2,1; Rom 12,12; 1 Kor 9,24; Fil 3,13-14; Hebr 10,36 2med di me ser på upphavsmannen og fullendaren til trui, Jesus, han som for den gleda som venta han, leid på krossen med tol, utan å vyrda skjemsla, og no sit på høgre sida åt Guds kongsstol.#Luk 24,26.46; Hebr 1,13; 8,1 3Ja, tenk på han som tolde slik motsegn av syndarar imot seg, so de ikkje skal trøytna og verta motlause i hugen!#Luk 2,34; 1 Pet 2,23 4Endå hev de ikkje gjort motstand til blodet i striden mot syndi,#1 Kor 10,13 5og de hev gløymt den påminning som talar til dykk som born: Min son, vanvyrd ikkje Herrens tukt, og vanmodast ikkje når han refser deg!#Job 5,17; Ordt 3,11-12; Op 3,19 6for den Herren elskar, den tuktar han, og han hudflengjer kvar son han tek seg av. 7Det er for tukti skuld at de toler lidingar; Gud fer med dykk som med søner. For kven er den son som faren ikkje tuktar? 8Men er de utan tukt, som alle hev fenge sin lut av, då er de lausingar og ikkje søner. 9Dessutan: våre feder etter kjøtet hadde me til tuktarar, og me hadde age for dei; skal me då ikkje mykje meir vera lydige mot Faderen til åndene, so me fær leva?#Jes 57,15-16 10For hine tukta oss for nokre få dagar etter sitt tykke, men han tuktar til vårt gagn, so me skal få lut i hans heilagskap. 11All tukt synest vel, medan ho stend på, ikkje å vera til gleda, men til sorg; men sidan gjev ho dei som derved er upptamde, ei fredrik frukt som er rettferd. 12Difor, rett dei hangande hender og dei veike kne,#Jes 35,3 13og gjer beine farvegar for føtene dykkar, so det halte ikkje skal koma reint i ulag, men heller vert lækt!#Sal 73,2 14Trå etter fred med alle og etter helging! for utan helging skal ingen sjå Herren.#Rom 12,18; 2 Tim 2,22; Matt 5,8 15Og sjå åt at ingen dreg seg undan frå Guds nåde, at ingi beisk rot skal renna upp og gjera mein, og mange verta smitta ved henne,#Hebr 3,12; 2 Kor 6,1-2; 5 Mos 29,18 16at ingen må vera ein horkar eller ein vanheilag som Esau, som for ein einaste rett mat selde odelsretten sin.#Ef 5,3; Kol 3,5; 1 Mos 25,33 17For de veit at han og sidan, då han vilde erva velsigningi, vart han burtvist - for han fann ikkje rom for bot - endå han søkte henne med tåror.#1 Mos 27,34-40 18For de er ikkje komne til eit fjell som ein kann taka på, og til brennande eld og til skydimma og myrker og uver,#2 Mos 19,16-19; 20,21 19og til ljom av lur og ljod av ord, slik at dei som høyrde på, bad at det ikkje måtte verta tala meir til dei;#2 Mos 20,19; 5 Mos 5,25-31; 18,16 20for dei kunde ikkje bera det påbodet dei fekk: Um det so berre er eit dyr som kjem innåt fjellet, skal det steinast;#2 Mos 19,12-13 21og so grueleg var syni at Moses sa: Eg er forfærd og skjelvande redd.#2 Mos 19,16 22Men de er komne til Sions fjell og den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, og til dei mange tusund englar,#Jes 2,2; Gal 4,26; Op 3,12; Dan 7,10 23til høgtidsstemna og lyden av dei fyrstefødde, som er uppskrivne i himmelen, og til domaren, som er Gud for alle, og til åndene åt dei fullenda rettferdige,#Luk 10,20; 1 Mos 18,25 24og til Jesus, millommannen for ei ny pakt, og til skvettings-blodet, som talar betre enn Abels blod.#Hebr 8,6; 9,15; 1 Pet 1,2; Hebr 10,22; 1 Mos 4,10; Hebr 11,4 25Sjå til at de ikkje viser ifrå dykk han som talar! For når hine ikkje slapp undan, dei som viste ifrå seg han som tala på jordi, kor mykje mindre skal då me sleppa undan um me vender oss ifrå han som talar frå himmelen!#Hebr 2,3; 10,29 26Hans røyst riste den gong jordi; men no hev han lova og sagt: Endå ein gong rister eg ikkje berre jordi, men himmelen med.#2 Mos 19,18; Hag 2,6 27Men det ordet: Endå ein gong, syner at dei ting som vert riste, skal umskiftast, av di det er skapte ting, so dei som ikkje vert riste, skal vara ved.#Sal 102,27; Hebr 1,11-12; 2 Pet 3,10 28Lat difor oss som fær eit uruggeleg rike, vera takksame og dermed tena Gud til hans hugnad, med blygd og otte!#Fil 2,12 29For vår Gud er ein øydande eld.#5 Mos 4,24; 9,3; Jes 30,27
Currently Selected:
Hebrearane 12: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: