YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 1

1
Gud skaper i upphavet himmelen og jordi; fyrste dagen skaper han ljoset, 1-5, andre dagen himmelkvelven, 6-8, tridje dagen skil han vatnet frå det turre landet og let jordi bera fram gras og urter og tre, 9-13, fjorde dagen skaper han sol og måne og stjernor, 14-19, femte dagen sjødyri og fuglane, 20-23, sette dagen dei andre dyri, og til sist mennesket i si likning, 24-27; han gjev mennesket herrevelde yver jordi, og segjer kva menneske og dyr skal hava til føda, 28-31.
1I upphavet skapte Gud himmelen og jordi.#Sal 33,6; 102,26; Jer 32,17; Joh 1,1.3; Kol 1,16; Hebr 11,3 2Og jordi var aud og øydi, og myrker låg yver det store djupet; men Guds Ande sveiv yver vatni.#5 Mos 32,11 3Då sa Gud: Det verte ljos! So vart det ljos.#Sal 33,9; 2 Kor 4,6 4Og Gud såg at ljoset var godt. Og Gud skilde ljoset frå myrkret. 5Og Gud kalla ljoset dag, og myrkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen. 6Då sa Gud: Det verte ein vid kvelv midt i vatni; han skal skilja vatn ifrå vatn. 7So gjorde Gud kvelven og skilde vatnet som er nedunder kvelven, frå det vatnet som er uppyver kvelven. Og det vart so.#Sal 104,3; 148,4 8Og Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen. 9Då sa Gud: Vatni under himmelen samle seg på ein stad, so det turre landet kjem fram! Og det vart so.#Sal 33,7; 104,6-9 10Og Gud kalla det turre landet jord, og vatni som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg det var godt. 11Då sa Gud: Jordi bere fram gras og grode, urter som sår seg, og frukttre som ber frukt med deira frø i, utyver jordi, kvart etter sitt slag! Og so vart det. 12Og jordi bar fram gras og grode, urter som sår seg, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med deira frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt. 13Og det vart kveld, og det vart morgon, tridje dagen. 14Då sa Gud: Det verte ljos på himmelkvelven; dei skal skilja dagen frå natti. Og dei skal vera til merke og skipa tider og dagar og år.#Sal 104,19 15Og dei skal vera til ljos på himmelkvelven og lysa utyver jordi. Og so vart det. 16Og Gud gjorde dei tvo store ljosi, det større ljoset til å råda um dagen og det mindre ljoset til å råda um natti, og so stjernone.#Sal 136,7-9 17Og Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa utyver jordi 18og til å styra dagen og natti og skilja ljoset frå myrkret. Og Gud såg det var godt. 19Og det vart kveld, og det vart morgon, fjorde dagen. 20Då sa Gud: Det skal yrja og aula med liv i vatnet, og fuglar skal fljuga yver jordi, uppunder himmelkvelven. 21So skapte Gud dei store sjødyri og alt levande som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle fljugande fuglar, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt. 22Og Gud velsigna dei og sa: De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havi, og fuglane skal aukast på jordi! 23Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen. 24Då sa Gud: Jordi gjeve utor seg kvikjende av kvart slag, bufe, krek og villdyr, kvar etter sitt slag. Og so vart det. 25Og Gud gjorde dei ville dyri, kvart etter sitt slag, og bufe av kvart eit slag, og alle dei dyr som krek på marki, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt. 26Då sa Gud: Lat oss skapa menneske i vår likning, so dei vert biletet vårt! Dei skal råda yver fiskane i havet og yver fuglane under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.#Sal 8,7-9 27So skapte Gud mennesket i si likning, i Guds likning skapte han det, til mann og kvinna skapte han dei.#1 Mos 2,7.21-22; Matt 19,4; 1 Kor 11,7; Ef 4,24 28Og Gud velsigna dei, og Gud sa til dei: De skal veksa og aukast og fylla jordi og leggja henne under dykk, og råda yver fiskane i havet og yver fuglane under himmelen og yver kvart dyr som røyver seg på jordi! 29Og Gud sa: Sjå, eg gjev dykk alle urter som sår seg, alle som finst på jordi, og alle tre med alda som sår seg; det skal vera til føda for dykk.#1 Mos 9,3 30Og alle dyri på jordi og alle fuglane under himmelen og alt det som yrer på jordi, alt som hev ande og liv, gjev eg alt det grøne graset til føda. Og so vart det. 31Og Gud skoda alt han hadde gjort, og sjå, det var ovleg godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sette dagen.#Mark 7,37

Currently Selected:

1. Mosebok 1: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy