2. Mosebok 10:21-23
2. Mosebok 10:21-23 BIBEL1938
Og Herren sa til Moses: Rette handi di upp imot himmelen, so skal det leggja seg myrker yver Egyptarlandet, eit myrker so tjukt at ein kann taka i det. So rette Moses handi si upp imot himmelen. Då vart det stumende myrkt i heile Egyptarland i tri dagar. Den eine timde ikkje den andre, og i tri dagar var det ingen som torde reisa seg av sessen sin. Men der Israels-borni budde, der var det ljost alle stader.