2. Mosebok 10:13-14
2. Mosebok 10:13-14 BIBEL1938
So rette Moses staven sin ut yver Egyptarlandet, og Herren sende ein austanvind som stod innyver landet heile den dagen og heile natti; um morgonen kom austanvinden med grashoppane. Og grashoppane dreiv innyver heile Egyptarlandet og slo seg ned i heile riket, ein uhorveleg brote; aldri fyrr hadde det vore so mykje med grashoppar, og aldri meir vil det koma.