YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 27

27
Paulus vert send til Rom. Skipet fer til Sidon, 1-3, derifrå til Myra, 4-6. Sjøferdi vert fårleg; Paulus råder dei til å taka vinterlægje på Kreta, men til fånyttes, 7-12. Dei kjem i stor havsnaud; Paulus fær ei openberring frå Gud og trøystar dei, 13-26. Til sist lid dei skipbrot og strandar på øyi Malta; men alle bergar seg i land, 27-44.
1Då det no var avgjort at me skulde sigla av stad til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar yver til ein av hovudsmennene i keisar-herflokken; han heitte Julius.#Apg 25,12 2Me gjekk um bord i eit skip frå Adramyttium som skulde sigla til hamnene burtetter Asia-strandi, og la so utpå; Aristarkus, ein makedonar frå Tessalonika, var med oss.#Apg 19,29 3Andre dagen la me til lands i Sidon, og Julius, som for snildt med Paulus, gav han lov til å ganga til venene sine og lata dei hyggja for seg.#Apg 24,23; 28,16 4Derifrå sette me so til havs att og for innunder Kypern, av di vinden bar imot. 5So siglde me yver havet utmed Kilikia og Pamfylia, og kom til Myra i Lykia. 6Der fann hovudsmannen eit skip frå Aleksandria som skulde til Italia, og han fylgde oss um bord i det. 7I mange dagar siglde me no berre smått frametter, og nådde med mykje strev burtimot Knidus. Då me ikkje kunde koma lenger for vinden, heldt me ned under Kreta burtmed Salmoneneset; 8det slapp me med naudi framum, og kom so til ein stad dei kallar Godhamn; det er ikkje langt frå ein by som heiter Lasea. 9No hadde det gjenge ei lang tid, og det var alt fårleg å ferdast på sjøen; for det leid alt yver fasta. Difor vara Paulus dei åt og sa: 10Godt folk, eg ser at det er vågalt å fara lenger, og at me kann koma til å missa ikkje berre farm og farty, men livet med. 11Men hovudsmannen trudde meir på styrmannen og skiperen enn på det Paulus sa, 12og etter di hamni var ulagleg til vinterlægje, vart dei fleste samde um å leggja utpå att, um det kunde lukkast dei å nå Føniks, ei onnor hamn på Kreta, som vender mot sudvest og nordvest - der kunde dei då taka vinterlægje. 13Då det so tok til å blåsa litt av sud, tenkte dei at dei kunde fullføra det dei hadde sett seg fyre. Dei letta og siglde langs med Kreta tett under land. 14Men det var ikkje lenge fyrr det kom ein kvervelvind - dei kalla han eurakylon - og kasta seg mot øyi. 15Skipet vart rive med og vann ikkje halda upp mot vinden; so gav me oss yver og let oss driva. 16Medan me so for innunder ei liti øy som heiter Klauda, var det so vidt me fekk berga båten og drege han upp. 17Då det var gjort, prøvde dei ymse hjelperåder: dei surra skipet med tog, og av di dei var redde at dei kunde koma til å driva innpå Syrta, streka dei segli, og rak soleis av stad. 18Men stormen sette på oss med ofse, og andre dagen tok dei til å kasta ut farmen; 19tridje dagen heiv me med eigne hender skipsreidskapen yver bord. 20Mange dagar i rad var korkje sol eller stjernor å sjå; eit svært uver låg yver oss, og då det leid på, miste me all von um berging. 21Dei hadde ikkje på lenge fenge mat. Då steig Paulus fram midt ibland dei og sa: De skulde hava lydt mi råd, godt folk, og ikkje teke ut frå Kreta, so hadde de spart dykk denne vågnaden og dette tapet.#Apg 27,10-11 22Men no vil eg beda dykk vera trøystige. Ikkje eit liv ibland dykk skal spillast, berre skipet. 23For ein engel frå den Gud som eg høyrer til, og som eg dyrkar, kom til meg i natt og sa: 24Ottast ikkje, Paulus! Du lyt ganga fram for keisaren, og høyr her: Gud hev gjeve deg livet åt alle dei som er med deg på skipet.#Apg 23,11 25So ver då trøystige, godt folk! Eg lit på Gud at det vil ganga so som det hev vorte sagt meg. 26Men me kjem til å stranda på ei øy. 27Då me hadde reke kring i Adriahavet på fjortande jamdøgret, tyktest sjøfolki midnattsbel skyna at det bar nær innåt land. 28Dei lodda og fekk tjuge famnar. Då skipet var kome ei lite stykke lenger, lodda dei på nytt og fekk femtan famnar. 29Då vart dei redde at dei kunde koma til å støyta på skjer; dei slepte ut fire anker frå bakstamnen, og ynskte at det måtte dagast. 30Sjøfolki freista å røma frå skipet; dei fira båten ned på vatnet og lest vilja draga anker ut frå framstamnen. 31Men Paulus sa til hovudsmannen og hersveinane: Vert ikkje dei verande på skipet, so kann ikkje de verta berga. 32Då hogg hersveinane togi av som båten hekk etter, og let han detta ned. 33Då det no leid mot dag, talde Paulus alle til å få seg mat; han sa: I dag er det fjortande dagen de gjeng fastande og ventar og ikkje hev fenge noko i livet. 34Difor vil eg telja dykk til å få dykk noko mat; det lyt til, skal de verta berga; for det skal ikkje forkomast eit hår på hovudet åt nokon av dykk. 35Med so sagt tok han eit brød, takka Gud for augo åt alle og braut det og tok til å eta. 36Då vart dei alle trøystige og fekk seg mat dei og. 37Me var i alt tvo hundrad og seks og sytti mann på skipet. 38Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å kasta matvarone på sjøen. 39Då dagen rann, kjende dei ikkje landet; men dei vart vare ei vik med ei fjøra, og rådde seg til å renna skipet inn der, um det var mogeleg. 40So kappa dei ankeri og let dei detta i sjøen; og samstundes løyste dei togi som dei hadde bunde styri med, vatt upp seglet for børen og heldt ned på fjøra. 41Men best det var, råka dei på ein grunne med djup sjø på båe sidor; der rende dei skuta på, og framstamnen sette seg fast og vart sitjande urikkeleg, men bakstamnen vart etterkvart sundslegen av bårebrotet. 42Hermennene tenkte fyrst på å drepa fangane, so ingen av dei skulde få symja undan og røma sin veg. 43Men hovudsmannen vilde berga Paulus, og hindra dei frå å gjera som dei hadde tenkt; han sa at dei som kunde symja, skulde kasta seg uti fyrst og koma seg i land, 44so skulde dei andre koma etter, sume på fjøler og sume på andre ting frå skipet. So gjekk det til at alle fekk berga seg i land.#Apg 27,24-25

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in