2. Krønikebok 11
11
Rehabeam vil strida mot dei ti ættene og leggja dei under seg att, men let det vera etter Semajas råd, 1-4. Han byggjer festningsverk i sume av byane i Juda og Benjamin, 5-12. Prestane og levitane gjev seg under han, av di Jeroboam jagar dei or tenesta deira; det same gjer mange andre i Israels-fylki, som ottast Gud, 13-17. Han hev mange konor og mange søner; han gjer Abia til hovding millom brørne hans; dei fær bu kringum i byane, 18-23.
1Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtti tusund utvalde hermenner; dei skulde strida mot Israels-mennene og vinna riket att for Rehabeam.#1 Kong 12,21-24 2Då kom Herrens ord til Semaja, gudsmannen, og det lydde so: 3Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til alle Israels-menner i Juda og Benjamin: 4So segjer Herren: De skal ikkje draga upp og strida mot brørne dykkar. Far heim att kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg. Då lydde dei Herrens ord; dei vende um og drog ikkje mot Jeroboam. 5Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde mange av byane i Judariket um til borger.#2 Krøn 14,6 6Både Betlehem og Etam og Tekoa 7og Bet-Sur og Soko og Adullam 8og Gat og Maresa og Sif 9og Adora'im og Lakis og Aseka 10og Sor'a og Ajalon og Hebron, som alle låg i Juda- og Benjaminslandet, bygde han um til borger. 11Han gjorde borgene sterke og sette inn hovdingar i dei og samla der nøgdi av matvaror og olje og vin. 12Like eins skipa han upplag av skjoldar og spjot i dei alle, by for by, og gjorde dei soleis ovleg sterke. 13Prestane og levitane i heile Israelslandet kom frå alle bygdene sine og gav seg under han. 14For levitane drog burt ifrå bumarkene sine og eigedomen sin og flutte til Judalandet og Jerusalem, av di Jeroboam og sønene hans dreiv dei ut or prestetenesta for Herren,#2 Krøn 13,9#11,14 sønene ettermennene. 15og han sette andre menner til prestar for offerhaugane og for trollbukkane og for dei kalvane som han hadde laga.#1 Kong 12,31-33; 3 Mos 17,7#11,15 trollbukkane 3 Mos. 17,7. 16Og med dei fylgde or alle Israelsfylki dei som la sin hug på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og vilde ofra til Herren, sin fedre-Gud.#2 Krøn 11,13-14#11,16 dei prestane og levitane, v. 13-14. 17Dei styrkte Judariket og trygde kongedømet for Rehabeam Salomoson i tri år; for i tri år heldt dei fram etter same vegen som David og Salomo hadde fylgt. 18Rehabeam tok seg ei kona umfram Mahalat, dotter åt Jerimot Davidsson; det var Abiha'il, dotter åt Eliab Isaison.#1 Sam 16,6; 17,13 19Med henne fekk han sønene Je'us og Semarja og Saham. 20Sidan tok han Ma'aka Absalomsdotter til kona; med henne fekk han Abia og Attai og Sisa og Selomit.#1 Kong 14,31 21Rehabeam heldt meir av Ma'aka Absalomsdotter, enn av alle dei hine konone og fylgjekonone sine - for han hadde teke seg attan konor og seksti fylgjekonor og vart far til åtte og tjuge søner og seksti døtter -. 22Rehabeam sette Abia, son åt Ma'aka, til hovding og fyrste millom brørne hans; av di han var meint på å gjera han til konge.#5 Mos 21,15-16 23Men samstundes for han so visleg åt at han let alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda- og Benjaminslandet - i alle dei faste byane - og sytte for at dei hadde flust til å leva av, og at dei fekk seg ei mengd med konor.
Currently Selected:
2. Krønikebok 11: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2