1. Peter 2
2
Lesarane skal søkja næring og vokster for det nye livet sitt i Herrens ord, 1-3, og rett inderleg halda seg til Herren i trui; han er hyrnesteinen som dei truande vert bygde upp på til eit åndeleg hus, so dei kann verta Guds rette folk og presteskap, 4-10. Med ei ulastande ferd skal dei driva attende dei vonde klagemål frå fiendane sine, 11.12, og serleg etter Guds vilje leggja vinn på å vera lydige mot styremaktene, 13-17, og mot sine jordiske herrar, 18-25.
1Legg difor av all vondskap og alt svik og like eins hyklarskap og ovund og all baktale,#Ef 4,22.25; Kol 3,8; Hebr 12,1; Jak 1,21 2og lengta som nyfødde born etter den åndelege ufalska mjølki, so de kann veksa ved henne til frelsa,#1 Pet 1,23; Hebr 5,13 3so sant de hev smaka at Herren er god!#Sal 34,9 4Kom til han, den levande steinen, som vel vart vanda av menneske, men er utvald og dyrverdig, for Gud,#Ef 2,20; Matt 21,42; Sal 118,22-23 5og vert de sjølve, som levande steinar, uppbygde til eit åndeleg hus, eit heilagt presteskap til å bera fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.#Ef 2,21; 2 Mos 19,6; Jes 61,6; Op 1,6; Hebr 13,15-16; Rom 12,1 6For det heiter i Skrifti: Sjå, eg legg i Sion ein hyrnestein, som er utvald og dyrverdig; den som trur på han, skal so visst ikkje verta til skammar.#Jes 28,16; Rom 9,33 7Dykk då som trur, høyrer æra til; men for dei vantruande hev den steinen som bygningsmennene vanda, vorte til hyrnestein og snåvestein og støyteberg,#Sal 118,22; Matt 21,42; Apg 4,11; Jes 8,14; Luk 2,34 8dei som snåvar med di dei ikkje trur ordet; det er dei og etla til. 9Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk til eigedom, so de skal forkynna hans dygder som kalla dykk ut or myrker til sitt underfulle ljos,#2 Mos 19,6; 5 Mos 7,6; Op 5,10; Tit 2,14; Jes 43,21; Kol 1,13 10de som fyrr ikkje var eit folk, men no er Guds folk, de som ikkje hadde funne miskunn, men no hev fenge miskunn.#Hos 2,23; Rom 9,25 11De kjære, eg legg dykk på hjarta som framande og utledningar at de skal halda dykk ifrå dei kjøtlege lyster, som strider imot sjeli,#1 Pet 1,1; 1 Krøn 29,15; Sal 119,19; Hebr 11,13; 13,14; Rom 13,14 12og lata dykkar ferd millom heidningane vera god, so dei medan dei baktalar dykk som illgjerdsmenn, må sjå dykkar gode gjerningar og for deira skuld prisa Gud på vitjingsdagen!#Rom 12,17; 2 Kor 8,21; Fil 2,15; Hebr 13,18; Tit 2,8; 1 Pet 3,16; Matt 5,16 13Ver difor all menneskjeleg skipnad undergjevne for Herrens skuld, anten det er kongen som er den høgste,#Rom 13,1; Tit 3,1 14eller landshovdingane som utsendingar frå han til refsing for dei som gjer vondt, men til ros for dei som gjer godt!#Rom 13,3-4 15For soleis er det Gud vilje at de med å gjera det gode skal målbinda vankunna hjå dei uvituge menneske,#Tit 2,8 16so som frie, og ikkje som slike som hev fridomen til vondskaps skyle, men som Guds tenarar.#Joh 8,32; Rom 6,18; 1 Kor 7,22; 8,9; Gal 5,1.13; 2 Pet 2,19 17Æra alle, elska broderlaget, ottast Gud, æra kongen!#Rom 12,10; Fil 2,3; 2 Pet 1,7; Ordt 24,21; Matt 22,21 18De tenarar, ver dykkar herrar undergjevne i all age, ikkje berre dei gode og rimelege, men og dei rangvise!#Ef 6,5; Tit 2,9 19For det finn nåde, um nokon av samvit for Gud toler harmingar når han lider uretteleg. 20For kva er det for ei ros um de tek det med tolmod når de syndar og fær refsing for det? Men um de tek det med tolmod når de gjer godt og endå lyt att lida, det finn nåde hjå Gud.#1 Pet 3,14.17; 4,14 21For til det vart de kalla, av di Kristus og leid for dykk og let etter for dykk eit fyredøme, so de skal fylgja hans fotfar,#1 Pet 3,18; Matt 11,29; 16,24; Joh 13,15; Fil 2,5; 1 Joh 2,6 22han som ikkje gjorde synd, og det fanst ikkje heller svik i hans munn,#Jes 53,9; Joh 8,46; 2 Kor 5,21 23han som ikkje skjelte att når han vart utskjelt, ikkje truga når han leid, men gav yver til han som dømer rettferdigt;#Jes 53,7; Joh 8,48-49; 1 Pet 3,9 24han som bar syndene våre på lekamen sin upp på treet, so me skal døy burt frå syndene våre og leva for rettferdi, og ved hans sår er de lækte.#Jes 53,4; Rom 6,2.11 25For de var villfarande som sauer, men hev no vendt um til hyrdingen og tilsynsmannen for sjelene dykkar.#Sal 119,176; Jes 53,6; Esek 34,6; 37,24; Luk 15,4; Joh 10,11; Hebr 13,20
Currently Selected:
1. Peter 2: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2