YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 12

12
Paulus talar um Andens gåvor (nådegåvone), som det er mange range meiningar um i Korint, både når det gjeld det innbyrdes verdet av dei og gagnet av dei for Kristi kyrkjelyd, 12-14 kap. Han lærer fyrst at desse gåvone, so ulike dei kann vera, alle hev den eine og same gjevaren, det er Gud, og alle hev same fyremålet: å vera til gagn for kyrkjelyden, 1-11; sidan syner han at kyrkjelyden just treng til alle desse ulike tenestone og gåvone, so den ringaste og usjålegaste gåva er like umissande som den som fell mest i augo; difor skal ikkje dei brørne som hev meir framifrå gåvor, vanvyrda dei som hev fenge mindre, eller desse att ovunda dei andre, 12-30. Men beste vegen er like vel å streva etter kjærleiken, 31.
1Men um dei åndelege gåvone vil eg ikkje at de skal vera uvitande, brør! 2De veit at då de var heidningar, let de dykk draga til dei mållause avgudane, etter som de vart dregne.#Ef 2,11-12 3Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, segjer: Forbanna er Jesus! og ingen kann segja: Jesus er Herre! utan i den Heilage Ande.#Mark 9,39; Fil 2,11 4Det er skil på nådegåvor, men Anden er den same;#Rom 12,6; 1 Pet 4,10 5og det er skil på tenestor, men Herren er den same;#1 Kor 12,28; Ef 4,11 6og det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, som verkar alt i alle. 7Men openberringi av Anden fær kvar og ein til det som er gagnleg. 8For ein fær visdoms tale ved Anden, ein annan kunnskaps tale ved den same Ande; 9ein annan tru ved den same Ande, ein annan nådegåvor til å lækja ved den same Ande,#1 Kor 12,28 10ein annan kraft til å gjera under, ein annan profetgåva, ein annan gåva til å prøva ånder, ein annan ymse tungor, ein annan tyding av tungor.#1 Joh 4,1; Apg 2,4; 10,46 11Alt dette verkar ein og den same Ande, som skifter ut til kvar for seg etter som han vil.#Rom 12,3-6; Ef 4,7 12For liksom lekamen er ein og hev mange lemer, men alle lemene på lekamen er ein lekam, endå dei er mange, soleis er det og med Kristus;#Rom 12,4-5 13for med EIN Ande er me alle døypte til å vera EIN lekam - anten me er jødar eller grekarar, trælar eller frie - og alle hev me fenge drikka ein og den same Ande.#Ef 2,14-15; Gal 3,28; Kol 3,11; Apg 2,17-18 14For lekamen er ikkje heller ein lem, men mange. 15Um foten vilde segja: For di eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til lekamen, so høyrer han då like fullt med til lekamen. 16Og um øyra vilde segja: For di eg ikkje er auga, høyrer eg ikkje med til lekamen, so høyrer det då like fullt med til lekamen. 17Dersom heile lekamen var auga, kvar vart det då av høyrsla? Dersom det heile var høyrsla, kvar vart det då av lukti? 18Men no hev Gud sett lemene, kvar ein av dei, på lekamen, so som han vilde. 19Men dersom dei alle var EIN lem, kvar vart det då av lekamen? 20Men no er det mange lemer, men ein lekam. 21Auga kann ikkje segja til handi: Eg treng ikkje til deg, eller hovudet til føtene: Eg treng ikkje til dykk. 22Tvert imot: dei lemene på lekamen som synest vera veikast, dei er naudsynlege. 23Og dei lemene på lekamen som me tykkjer er mindre æra verde, dei klæder me med større æra, og dei lemene våre som me blygjest ved, dei klæder me med større blygd, 24men dei lemene våre som er oss til sømd, dei treng ikkje til det. Men Gud hev sett lekamen soleis saman at han gav det ringaste størst æra, 25so det ikkje skal vera tvidrag i lekamen, men at lemene skal hava same umsut for kvarandre. 26Og um ein lem lid, so lid alle lemene med, eller um ein lem vert heidra, so gleder alle lemene seg med. 27Men no er de Kristi lekam og hans lemer, kvar etter sin lut.#Rom 12,5; Ef 4,12; 5,30; Kol 1,24 28Og Gud sette i kyrkja fyrst nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tridje lærarar, so kraftige verk, so nådegåvor til å lækja, til å hjelpa, til å styra, so ymse tungor.#Ef 2,20; 4,11; Rom 12,6-8 29Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle kraftige verk? 30Hev alle nådegåvor til lækja? Kann alle tala med tungor? Kann alle tyda dei? 31Men streva etter dei største nådegåvone! Og eg skal visa dykk ein endå betre veg.#1 Kor 13,1-3

Currently Selected:

1. Korintar 12: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in