YouVersion Logo
Search Icon

Klagesongane 1

1
Sion syrgjer
1Å, kor einsam ho sit,
byen som før var ¬så folkerik!
Ho som var stor mellom folka,
sit no enkje.
Fyrstinna mellom landa
må gjera tvangsarbeid. #1,1 byen Jerusalem, skildra som ei kvinne. Klagesongane skildrar ulukka som råka byen då han vart hærteken av babylonarane i 587 f.Kr. og ein lut av folket vart ført i fangenskap.#Jes 54,4
2Ho græt så sårt om natta,
tårene renn på hennar kinn.
Mellom alle sine elskarar
har ho ingen som trøystar.
Alle hennar vener har svike,
dei har vorte hennar fiendar. #1,2 sine elskarar[Jer 4,30.]#Jer 9,17
3Bort frå landet laut Juda fara,
ut or naud og tung trældom.
No bur ho mellom folka
og finn ikkje ro.
Alle hennar forfylgjarar ¬nådde henne att
midt i trengslene.
4Vegane til Sion syrgjer
fordi ingen kjem til høgtidene.
Alle portane i byen er aude,
og prestane der må sukka.
Dei unge jentene er fulle ¬av sut,
og sjølv har ho bitter sorg. #Jes 3,26; Jer 14,2
5Dei som står henne imot, ¬har makta,
hennar fiendar ¬kjenner seg trygge.
Herren har late henne lida
fordi hennar synder ¬var mange.
Borna hennar laut fara ¬i fangenskap,
fienden førte dei bort. #5 Mos 28,43.44
6Sions dotter har mist
all sin prydnad.
Hennar stormenn ¬vart som hjortar
som ikkje finn beite.
Kraftlause gjekk dei av stad
framfor han som dreiv dei.
7I si naud og heimløyse
må Jerusalem minnast
alt det herlege ho hadde
heilt ifrå gamle dagar.
Men folket fall i fiendehand
og hadde ingen til å hjelpa.
Fiendane såg på henne og lo
fordi det var ute med henne.
8Jerusalem har synda grovt,
difor har dei uvilje mot henne.
Alle som æra henne,
vanvørder henne no,
for dei har sett henne naken.
Sjølv må ho sukka ¬og snu seg bort.
9Ureinskapen viser seg ¬på hennar slep;
ho hadde ikkje tenkt ¬det skulle enda så.
Utruleg djupt har ho sokke,
og ingen trøystar henne.
«Herre, sjå mi naud,
sjå korleis fienden triumferer!» #Jes 47,7; Luk 14,28
10Fienden rette ut handa
etter alle hennar skattar.
Ho laut sjå at heidningar
kom inn i hennar heilagdom,
endå ho hadde nekta dei
å vera med i din lyd. #5 Mos 23,3; Neh 13,1; Sal 79,1; Apg 21,28
11Alt hennar folk må sukka
medan dei leitar etter brød.
Dei byter sine skattar i mat,
så dei kan berga livet.
«Sjå, Herre, og legg merke til
kor vanvørd eg er!»
12Å, alle de ¬som fer framom på vegen,
gjev akt og sjå ¬om det finst ei liding så tung
som den eg har røynt,
den Herren har late meg lida
på sin brennande vreidedag. #Dan 9,12
13Herren sende eld ¬frå det høge,
som gjekk meg ¬gjennom merg og bein.
Han sette ut garn for mine føter
og støytte meg unna.
Han har gjort meg einsam,
all dagen er eg sjuk.
14Han vakta på mine synder
som var knytte saman ¬i hans hand.
Dei låg som eit åk ¬på min nakke
og har brote mi kraft.
Herren har gjeve meg ¬i hendene
på folk eg ikkje ¬kan stå meg imot. #Sal 38,5
15Herren har vraka
alle dei kjemper ¬som fanst hjå meg.
Han kalla saman ein flokk ¬imot meg,
ville knusa mine unge menn.
I vinpressa har Herren trakka
Juda, den unge møy. #2 Krøn 36,17; Jes 63,3; Op 19,15
16Dette er det eg græt for,
tårene strøymer frå augo mine.
For langt borte frå meg
er dei som kunne trøysta ¬og gje meg mot.
Det er ute med borna mine,
fienden var for sterk. #Jer 9,1; 14,17
17Sion retter ut sine hender,
men det er ingen ¬som trøystar henne.
Til strid mot Jakob ¬har Herren mønstra
alle hans fiendar rundt ikring.
Jerusalem byd dei imot
som ei urein kvinne.
18Herren har fare rettvist fram,
for eg var ulydig ¬mot hans bod.
Høyr på meg, alle folk,
og sjå kva eg må lida!
Mine unge jenter og gutar
laut fara i fangenskap. #Dan 9,7ff
19Eg ropa på mine elskarar,
men dei sveik meg.
Mine prestar og styresmenn
omkom her i byen
medan dei leita etter mat,
så dei kunne berga livet. #1,2.11
20Herre, sjå, eg er i naud,
det gjærer i min barm.
Hjarta snur seg i mitt bryst,
fordi eg var trassig og ulydig.
Ute har sverdet ¬drepe mine born,
inne i huset rår døden. #5 Mos 32,25; Jer 4,19; 9,21
21Dei høyrer kor eg sukkar,
og ingen trøystar meg.
Alle mine fiendar ¬høyrer om mi ulukke,
og det gleder dei ¬at du har sendt henne.
Lat han koma, ¬den dagen du varsla,
så det går dei like ille ¬som meg. #Jer 51,35
22Lat all deira vondskap ¬koma deg for auga!
Gjer med dei ¬som du gjorde med meg
for alle mine synder.
For mine sukkar er mange,
og mitt hjarta er sjukt.

Currently Selected:

Klagesongane 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy