YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 8

8
1og Jesus gjekk ut til Oljeberget. 2Tidleg om morgonen dagen etter kom han til templet att. Alt folket samla seg ikring han, og han sette seg og lærte dei. 3Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram 4og sa: «Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. 5Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?»#3 Mos 20,10 6Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. 7Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne.»#5 Mos 17,7; Matt 7,1ff 8Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. 9Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der. 10Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» 11«Nei, Herre, ingen,» svara ho. Då sa Jesus: «Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!»
Jesus, verdsens ljos
12Atter tala Jesus til folket og sa: «Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos.» #Matt 5,14ff; Joh 1,4f.9; 9,5; 12,35f.46 13Farisearane sa til han: «Du vitnar i eiga sak, vitnemålet ditt gjeld ikkje.» #5,31 14Jesus svara: «Vitnar eg i eiga sak, er vitnemålet mitt sant likevel, for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av. Men de veit korkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av. 15De dømer på menneskevis; eg dømer ingen. #3,17; 12,47 16Men om eg dømer, så gjeld domen min. For eg er ikkje åleine; han som sende meg, er med. 17Og i dykkar eiga lov står det skrive at to manns vitnemål er sætande. #5 Mos 19,15 18Eg vitnar om meg sjølv, og Faderen som har sendt meg, vitnar òg om meg.» #5,37; 1 Joh 5,9 19«Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.» #14,7 20Dette sa Jesus attmed tempelkista medan han lærte i heilagdomen. Men ingen la hand på han; for tida hans var endå ikkje komen.#Mark 12,41; Joh 2,4+
Dit eg går, kan ikkje de koma
21Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.» #7,34; 13,33 22Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?» 23Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda. #3,31 24Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at «eg er Han», skal de døy i syndene dykkar.» #8,24 «eg er Han» Det gåtefulle svaret Jesus gav jødane, ligg nær eit ordlag i GT som der er omsett: «Eg er Gud». Sjå 5 Mos 32,39; Jes 43,10.#13,19 25«Kven er du?» spurde dei. «Kvifor talar eg i det heile med dykk?» sa Jesus. 26«Mykje har eg å seia om dykk og døma dykk for. Men han som sende meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»#3,11+
27Dei skjøna ikkje at det var om Faderen han tala til dei. 28Difor sa Jesus: «Når de får lyft Menneskesonen opp, då skal de skjøna at «eg er Han», og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar så som Faderen har lært meg. #8,28 lyft opp[3,14.]#3,14+; 5,19 29Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine; for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.» #16,32 30Då han sa dette, var det mange som trudde på han.#2,23+
Abrahams ætt
31Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. #15,7f.14 32Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33«Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» #Matt 3,9 34Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. #2 Pet 2,19 35Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. #Gal 4,30 36Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. #2 Kor 3,17; Gal 5,1 37Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk. #5,18+ 38Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39«Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. #Rom 2,28; 9,7 40Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. #1 Mos 15,6 41De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. #1 Joh 5,1 43Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. #1 Joh 3,8ff; 1 Mos 3,4 45Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? #2 Kor 5,21; 1 Pet 2,22; 1 Joh 3,5 47Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»#1 Joh 4,6
48Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier at du er ein samaritan og er forgjord?» #7,20+ 49«Eg er ikkje forgjord,» sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømer. #7,18 51Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.» #5,24; 11,25f 52Jødane svara: «No veit vi at du er forgjord. Abraham døydde, og profetane like eins. Og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden. 53Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?» #4,12 54Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud. 55De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Sa eg at eg ikkje kjenner han, var eg ein lygnar, liksom de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord. #7,28f 56Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå han og fryda seg.» #Rom 4,16ff 57«Du er enno ikkje femti år,» sa jødane, «og så har du sett Abraham?» 58Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Før Abraham var, er eg.»#1,1
59Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen.#10,31

Currently Selected:

Johannes 8: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy