YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 12

12
Jesus vert salva i Betania
(Matt 26,6–13; Mark 14,3–9)
1Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde. 2Der heldt dei eit gjestebod for han. Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords med han. 3Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og turka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen. 4Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik han: 5«Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?» 6Dette sa han ikkje fordi han hadde omsut for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde pengepungen, og han tok av det som vart lagt der. #13,29 7Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min. 8Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid.»
9Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus som han hadde vekt opp frå dei døde. #11,43f 10Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg, 11for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.#2,23+
Jesus rid inn i Jerusalem
(Matt 21,1–11; Mark 11,1–11; Luk 19,29–38)
12Dagen etter spurdest det i den store folkehopen som var komen til høgtida, at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13Då tok dei palmegreiner og gjekk til møtes med han og ropa:#Sal 118,25f; Joh 1,49
Hosianna!
Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn,
Israels konge!
14Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
15Ottast ikkje, Sions dotter!
Sjå, kongen din kjem
ridande på ein eselfole. #Jes 40,9; Sak 9,9
16Dette skjøna ikkje læresveinane med det same; men då Jesus var herleggjord, kom dei i hug at dette var skrive om han, og at dei hadde helsa han så.#2,22
17Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut or grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. 18Difor var det òg at folket drog ut til møtes med han; for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. 19Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda flyg etter han.»
Jesus talar om at han skal døy
20No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe på høgtida. #12,20 grekarar gresktalande menn av ikkje-jødisk ætt, tilhengjarar av jødedomen. 21Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» 22Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. #1,44 23Jesus svara: «Timen er komen då Menneskesonen skal herleggjerast. #17,1 24Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. #1 Kor 15,36 25Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. #Matt 10,39; 16,25 26Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra. #14,3; 17,24 27No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne stunda? Nei, til denne stunda skulle eg koma. #Matt 26,38f 28Far, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har herleggjort det og skal atter herleggjera det.»#17,5
29Folket som stod der, høyrde det og sa at tora hadde slege. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.» 30Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar. #11,42 31No fell det dom over denne verda, no skal hovdingen over denne verda kastast ut. #Luk 10,18; Joh 3,19; 16,11 32Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg.» #12,32 opplyft[3,14.]#3,14+ 33Dette sa han for å syna kva slag død han skulle få.
34Då sa folket: «Vi har høyrt at det står i lova at Messias skal leva til evig tid. Korleis kan du då seia at Menneskesonen skal lyftast opp? Kven er denne Menneskesonen?» #Sal 89,5.37; 110,4; Jes 9,6f; Dan 7,14 35Jesus svara: «Endå ei lita stund er ljoset mellom dykk. Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av. #8,12+ 36Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born åt ljoset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.#Ef 5,8ff
Vantru og dom
37Endå han hadde gjort så mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på han. 38For det skulle oppfyllast, det ordet som profeten Jesaja har tala:#Jes 53,1
Herre, kven trudde ¬bodskapen vår,
og kven vart Herrens makt ¬openberra for?
39Difor kunne dei ikkje tru; for ein annan stad seier Jesaja:
40Han har gjort augo deira blinde
og hjarta deira hardt,
så dei ikkje skal sjå med augo
og skjøna med hjarta
og venda om, ¬så eg får lækja dei. #Jes 6,9f; Matt 13,14f+
41Dette sa Jesaja av di han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus.#Jes 6,1ff
42Likevel var det mange som trudde på han, jamvel av rådsherrane. Men dei ville ikkje kjennast ved det på grunn av farisearane, så dei ikkje skulle verta utstøytte or synagoga. #2,23+; 7,13+; 7,48 43Dei ville heller ha ære av menneske enn ære av Gud.#5,44
44Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende meg. 45Og den som ser meg, ser han som har sendt meg. #14,9 46Som ljos er eg komen til verda, så den som trur på meg, ikkje skal verta verande i mørkret. #8,12+ 47Om nokon høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, så dømer ikkje eg han. For eg er ikkje komen for å døma verda, men for å frelsa verda. #3,17f 48Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, han har ein domar over seg: Det ordet eg har tala, skal døma han på den siste dagen. 49For eg har ikkje tala ut frå meg sjølv; men Faderen som sende meg, han har gjeve meg påbod om kva eg skal seia og tala. #7,16+ 50Og eg veit at det han vil med bodet sitt, er evig liv. Det eg talar, det talar eg så som Faderen har sagt meg.»

Currently Selected:

Johannes 12: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy