YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 8

8
Livet i Anden
1Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. #Joh 8,36; Rom 7,23f 3Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. #8,3 den vonde menneskenaturen før omsett «kjøtet». Same ordet er òg omsett «vår natur», «den syndige naturen» o.l. Sjå Gal 5,17; Ef 2,3. #Gal 3,13; 2 Kor 5,21; Hebr 2,14ff 4Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. 6For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred. #Gal 6,8 7Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller. #Kol 1,21; Jak 4,4 8Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. #1 Kor 2,12; 3,16; 12,3; 1 Joh 3,24; 4,13 10Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. #Gal 2,20 11Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.#Apg 2,24+; 1 Kor 6,14; 2 Kor 4,14
12Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. #6,6f 13For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. #Gal 6,8; Kol 3,5f 14Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. #Gal 5,18 15Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» #2 Tim 1,7; 1 Joh 4,18; Gal 4,6 16Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. #2 Kor 1,22+; Gal 3,26ff 17Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.#Gal 4,7; Op 21,7; Apg 14,22+; 1 Pet 4,13
Vona om herlegdom
18Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. #Matt 5,11f; 2 Kor 4,17f 19Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. #2 Pet 3,13; Op 21,5 22For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. #8,23 Anden, fyrstegrøde Anden er den fyrste av frelsegåvene, ein forsmak på den endelege frelsa. Sml. 2 Kor 1,22. #Luk 21,28; 2 Kor 5,2ff; Ef 1,5 24For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? #2 Kor 4,18; 5,7 25Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. #Hebr 11,1 26På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.#Sal 139,1
28Vi veit at alle ting tener dei til gode som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla. 29Dei som han føreåt kjendest ved, dei har han òg føreåt etla til å verta forma etter biletet av Son hans, så han skulle vera den fyrstefødde mellom mange sysken. #2 Kor 3,18; Ef 1,4ff; Kol 1,18 30Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
31Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? #Sal 118,6 32Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?#Joh 3,16; Rom 4,25+
33Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. #Jes 50,8 34Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. #Sal 110,1; Apg 2,32f+; Hebr 7,25+ 35Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36Det står då skrive:#Sal 44,23; 2 Kor 4,11+
For di skuld vert vi drepne dagen lang,
vi vert rekna som slaktesauer.
37Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. #Joh 16,33; 1 Joh 5,4f 38For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, #Ef 6,12; Kol 2,15 39korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Currently Selected:

Romarane 8: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in