YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 4

4
Abrahams tru
1Kva skal vi då seia om Abraham, ættefar vår? Kva vann han fram til? 2Vart Abraham rettferdig for Gud på grunn av gjerningar, då har han noko å rosa seg av. Men det har han ikkje for Gud. 3For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. #1 Mos 15,6; Gal 3,6 4Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde. 5Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som seier den ugudelege rettferdig. Han får rettferda tilrekna fordi han trur. #3,28; Fil 3,9 6Såleis prisar òg David det mennesket sælt som Gud tilreknar rettferd utan at det har gjerningar:
7Sæle er dei
som har fått sine brot tilgjevne
og sine synder tildekte. #Sal 32,1f
8Sælt er det menneske
som Herren ikkje tilreknar synd.
9Dei som her vert prisa sæle, er det berre dei omskorne, eller er det dei uomskorne med? Vi sa då at Abraham vart rekna for rettferdig fordi han trudde. #1 Mos 15,6 10Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren. #1 Mos 17,9ff 11Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. På den måten skulle han verta far til alle uomskorne som trur, så rettferda kan tilreknast dei. #Gal 3,7 12Men han skulle òg verta far til dei omskorne, når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg fylgjer etter Abraham, far vår, og eig den tru han hadde før han vart omskoren.
Lovnaden til Abraham
13For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk den lovnaden at han skulle verta arving til verda, men ved den rettferd som kjem av tru. #1 Mos 22,17f 14Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua gagnlaus, og lovnaden er gjord til inkjes. 15For lova verkar vreide hjå Gud, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot. #3,20; 5,13.20; 7,7ff; Gal 3,19 16Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile ætta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. Han er då far for oss alle, #Gal 3,7 17som det står skrive: Eg har gjort deg til far åt mange folk. Han er vår far i Guds augo; for han trudde på Gud, han som gjer dei døde levande og byd det som ikkje er, at det skal verta til. #1 Mos 17,5; Joh 5,21; Hebr 11,19 18Endå all von var ute, heldt Abraham fast på vona og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di verta. #1 Mos 15,5 19Han var då mest hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft, og at Sara var for gamal til å verta mor. #1 Mos 17,17 20Han var ikkje vantruen, så han tvila på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. #Hebr 11,8ff 21For han var fullviss på at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera. 22Difor vart han rekna for rettferdig. #1 Mos 15,6; Rom 4,3 23Men det var ikkje berre for hans skuld at dette vart skrive om han. 24Det gjeld oss òg. Vi skal få rettferda tilrekna når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde, #1 Pet 1,21 25han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle verta rettferdige for Gud.#Jes 53,4f; Rom 8,32; 1 Joh 2,2

Currently Selected:

Romarane 4: Bibel1978

Highlight

Copy

Compare

Share

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in