Ordtaka 20
20
Rettferdig er den som er heil i si ferd
1Vinen er ein spottar,
den sterke drikk ein bråkmakar,
ingen som ragar av dei, er vis. #Sal 107,27; Ordt 23,29–35; 31,4–7
2Når kongen trugar, er det som løvebrøl,
den som vekkjer hans vreide, set livet på spel. #19,12
3Å halda seg frå trette er ei ære for mannen,
men kvar dåre yppar strid.
4Den late vil ikkje pløya om hausten,
i skurdonna leitar han fåfengt etter grøde.
5Som djupt vatn er tankane i mannens hjarta,
den som har vit, kan ausa av dei. #18,4
6Mange ropar om sin eigen truskap,
men kvar finst vel ein påliteleg mann?
7Rettferdig er den som er heil i si ferd,
og lukkelege er borna etter han. #Sal 112,1f
8Ein konge som sit i domarsetet,
skil ut alt vondt med eit augnekast.
9Kven kan seia:
«Eg har reinsa hjarta,
eg er fri for synd»? #1 Kong 8,46; Job 4,17; Fork 7,20; 1 Joh 1,8
10To slag vekt og to slag mål
er begge ein styggedom for Herren. #11,1+
11Alt guten syner i si ferd
om livet hans vert reint og rett. #22,6
12Øyra som høyrer, og auga som ser,
er begge skapte av Herren. #Sal 94,9
13Er du glad i å sova, då vert du fattig,
opnar du augo, får du deg mat. #6,10f
14«Ringt, ringt,» seier kjøparen,
men skryter av handelen når han går bort.
15Det finst gull og perler i mengd,
men å tala med kunnskap er ein kosteleg ting.
16Ta kleda frå den som har borga for ein annan,
ta pant hjå han for framande! #27,13
17Godt smakar brød som er vunne med svik,
men sidan fyllest munnen med småstein. #9,17
18Når ein held råd, lukkast planane;
vis omtanke når du fører krig! #15,22
19Den som baktalar, spreier løyndomar,
gjev deg aldri i snakk med ein lausmunna kar! #11,13
20Den som forbannar far sin og mor si,
hans lampe skal slokna i tjukkaste mørkret. #2 Mos 21,17; Ordt 19,26; 30,17
21Ein arv som ein altfor tidleg riv til seg,
gjev inga velsigning til slutt.
22Sei ikkje: «Eg vil løna vondt med vondt.»
Venta på Herren, så hjelper han deg! #24,29; 1 Pet 3,9
23To slag lodd er ein styggedom for Herren,
falsk vekt er av det vonde. #11,1+
24Det er Herren som styrer mannens steg.
Korleis kan mennesket skjøna sin veg? #Sal 37,23; Ordt 16,9; 19,21
25Det er farleg å lova ei heilag gåve
og fyrst sidan tenkja seg om. #5 Mos 23,22f; Fork 5,1.3f
26Den vise kongen skil ut dei gudlause
og lèt hjulet rulla over dei. #20,26 lèt hjulet rulla bilete frå treskinga. Det vart køyrt ein treskjeslede over kornet for å skilja ut agnene, som sidan vart kasta i veret og fauk bort med vinden. #Jes 28,27f
27Ånda i mennesket er ei Herrens lampe,
ho ransakar alle kammer i hjarta. #1 Kor 2,11
28Godleik og sanning er eit vern om kongen,
han stør sin kongsstol på truskap. #Sal 61,8
29Styrke er ein prydnad for ungdom,
og grått hår ei ære for den gamle. #16,31
30Flengjer og slag som sårar den vonde,
reinsar hans hjartekammer.
Currently Selected:
Ordtaka 20: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2