Ordtaka 16
16
Lat Herren ta seg av alt ditt verk!
1Mennesket legg planar,
men ordet på tunga kjem frå Herren. #19,21
2Ein mann kan synast at hans ferd er rein,
men Herren prøver menneskeånda. #21,2; 24,12
3Lat Herren ta seg av alt ditt verk,
så skal planane dine lukkast. #Sal 37,5+
4Alt det Herren har skapt, har eit føremål,
gudløysings lagnad er ulukkedagen.
5Kvar hovmodig mann er ein styggedom for Herren.
Ver trygg, han slepp ikkje straff! #11,21f
6Med miskunn og truskap vert synda sona,
den som har age for Herren, held seg frå det vonde. #10,12
7Har Herren hugnad i ein manns ferd,
lèt han jamvel hans fiendar halda fred med han.
8Betre er lite med rettferd
enn stor vinning med urett. #15,16
9I hjarta tenkjer mannen ut si ferd,
men Herren styrer hans steg. #19,21
10Det er kongens ord som avgjer ei sak,
han tek ikkje feil når han dømer.
11Rett vekt og vektskål krev Herren,
og alle vektlodd vedkjem han. #11,1+
12Nidingsdåd er ein styggedom for kongar,
rettferd tryggjer trona. #20,28; 25,5
13Kongen likar rettferdige lipper,
han elskar den som talar rett.
14Kongens harme ber bod om død,
men ein vismann kan stilla harmen. #20,2
15Når kongens andlet lyser, er livet berga.
Hans velvilje er som ei sky med vårregn. #19,12
16Å vinna visdom er betre enn gull,
å få vit er meir verdt enn sølv. #3,14; 8,11.19
17Den kongsveg dei ærlege går, er å vika frå det vonde,
den som aktar på si ferd, tek vare på livet.
18Stormod fører til undergang,
hovmod står for fall. #11,2; 15,33; 18,12
19Betre å vera audmjuk med armingar
enn å dela hærfang med dei stolte.
20Den som aktar på ordet, finn lukke,
sæl er den som lit på Herren. #Sal 2,12+; Ordt 13,13
21Klok kallar dei den som har visdom i hjarta,
veltalande ord aukar eins lærdom.
22Den som har skjøn, har ei kjelde til liv,
dårskap er den lærdom dårar får. #13,14
23Visdom i hjarta gjev klokskap i tale,
ein får meir og meir kunnskap å bera fram.
24Milde ord er som drypande honning,
søte for sjela og sunne for kroppen. #12,25
25Om mannen meiner at vegen er rett,
kan han likevel enda i døden. #14,12
26Svolten får mannen til å arbeida,
mathugen driv han fram.
27Nidingen grev ei ulukkegrav,
det brenn som eld på hans lipper. #Jak 3,6
28Ein renkesmed skaper strid,
den som baktalar andre, skil ven frå ven. #17,9
29Valdsmannen lokkar sin neste
og fører han inn på ein farleg veg.
30Når ein mann knip augo i hop,
tenkjer han på svikefull gjerning;
og når han pressar lippene saman,
set han ulukka i verk. #16,30 knip augo i hop [6,13.] #6,12f
31Grått hår er ein fager krans,
på rettferds veg vert han vunnen.
32Ein visleg mann er betre enn ei kjempe;
den som styrer sin hug,
er betre enn den som tek ein by. #25,28
33Dei rister terningen i fanget,
men avgjersla kjem alltid frå Herren.
Currently Selected:
Ordtaka 16: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2