YouVersion Logo
Search Icon

Filipparane 2

2
1Når det no er trøyst i Kristus, kveik i kjærleiken, samfunn i Anden, og så sant det finst medkjensle og miskunn, 2så gjer mi glede fullkomen: Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke. #Rom 15,5+ 3Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. #Gal 5,26 4Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre. #1 Kor 10,24.33 5Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! #Joh 13,15f
6Då han var i Guds skapnad,
heldt han det ikkje for eit rov
å vera Gud lik. #Joh 1,1f; 17,5
7Men han gav avkall på sitt eige,
tok på seg ein tenars skapnad
og vart menneske lik.#Jes 52,13ff; Matt 12,18; 20,28; 2 Kor 8,9; Rom 8,3; Hebr 2,14.17
I si ferd var han ¬som eit menneske;
8han nedra seg sjølv
og vart lydig til døden,
ja, døden på krossen. #Joh 10,17; Hebr 5,8; 12,2
9Difor har Gud storleg ¬opphøgt han
og gjeve han det namn
som er over alle namn, #Ef 1,21; Hebr 1,3f
10så kvart kne ¬skal bøya seg i Jesu namn,
i himmelen, ¬på jorda og under jorda, #Jes 45,23; Rom 14,11
11og kvar tunge sanna:
Jesus Kristus er Herre, ¬til Gud Faders ære! #Apg 2,36; Rom 10,9; 1 Kor 12,3
Som ljos i verda
12Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age. #1 Pet 1,17 13For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje. #2 Kor 3,5 14Gjer alt utan misnøye og motseiing, 15så de kan vera lytelause og reine, Guds ulastande born midt i ei vrang og vond ætt. Mellom dei skin de som ljos i verda #Apg 2,40+; Matt 5,14ff+ 16med di de held fast på livsens ord, og eg skal få den ros på Kristi dag at strevet og livsverket mitt ikkje har vore til fånyttes. #2 Kor 1,14+ 17Om eg sjølv skal ofrast medan eg gjer mi heilage teneste og ber dykkar tru fram som offer, så er eg likevel glad, og eg gleder meg saman med dykk alle. #Rom 15,16; 2 Kor 12,15; 2 Tim 4,6 18Så må de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.#3,1; 4,4
To trufaste medarbeidarar
19Herren Jesus gjev meg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk. #1 Tim 1,2+ 20Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsut for dykk. 21Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til. #1,17 22Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har vore som ein son for meg når vi saman har gjort teneste for evangeliet. 23Eg vonar å kunna senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi. 24Og Herren har gjort meg trygg på at eg snart skal koma sjølv.#1,25
25Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus attende til dykk. Han er min bror og medarbeidar og medstridande, og var dykkar utsending for å hjelpa meg med det eg trong. #4,18 26Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk. 27Ja, han var verkeleg sjuk og døden nær. Men Gud synte miskunn mot han, ja, ikkje berre mot han, men mot meg òg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg. 28Difor er det no endå meir om å gjera for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk ved å sjå han att, og eg vera meir sutlaus. 29Ta imot han i Herrens namn og med inderleg glede. Slike som han skal de halda i ære. #1 Kor 16,16.18 30Det var i arbeidet for Kristus at han var døden nær, då han våga livet for å bøta på det som vanta i den hjelp de har gjeve meg.#Apg 20,24

Currently Selected:

Filipparane 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy