4. Mosebok 29
29
1Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Den dagen skal horna ljoma hjå dykk. #29,1 ei heilag samling på nyårsfesten. #3 Mos 23,24.25 2De skal bera fram brennoffer som angar godt for Herren: ein ung okse, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam. 3Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for veren 4og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. 5Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk. 6Dette skal de ofra attåt nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet som høyrer til, og dei vanlege drikkoffera; det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren.#28,3–8.11–15
7Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. Då må de fasta og ikkje gjera noko arbeid. #29,7Den tiande dagen den store soningsdagen. [3 Mos 16,29.] #3 Mos 16,29ff; 23,27.28 8De skal bera fram brennoffer som angar godt for Herren: ein okse, ein ver og sju årsgamle lam. Og dei må vera utan lyte. 9Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for veren 10og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma. 11Ein bukk skal de bera fram som syndoffer attåt soningssyndofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
12Den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. I sju dagar skal de halda høgtid for Herren. #29,12 Den femtande dagen lauvhyttefesten. Sjå 3 Mos 23,34. #3 Mos 23,34ff 13De skal bera fram brennoffer, eldoffer som angar godt for Herren: tretten unge oksar, to verar og fjorten årsgamle lam; og dei må vera utan lyte. 14Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar av dei tretten oksane, to tiandedels efa for kvar av dei to verane 15og ein tiandedels efa for kvart av dei fjorten lamma. 16Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
17Den andre dagen skal de ofra tolv unge oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. 18Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. 19Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
20Den tredje dagen skal de ofra elleve oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. 21Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. 22Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
23Den fjerde dagen skal de ofra ti oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. 24Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. 25Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
26Den femte dagen skal de ofra ni oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. 27Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. 28Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
29Den sjette dagen skal de ofra åtte oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. 30Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. 31Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.
32Den sjuande dagen skal de ofra sju oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam. 33Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. 34Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
35Den åttande dagen skal de halda høgtidssamling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. #29,35 høgtidssamling [3 Mos 23,36.] #3 Mos 23,36; Joh 7,37 36De skal bera fram brennoffer, eldoffer som angar godt for Herren: ein okse, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam. 37Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om. 38Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.
39Desse offera skal de bera fram for Herren på høgtidene, attåt lovnadsoffera og dei friviljuge offera, anten det er brennoffer, grødeoffer, drikkoffer eller måltidsoffer.
Currently Selected:
4. Mosebok 29: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2