4. Mosebok 21
21
Koparormen
1Då kanaanearkongen som budde i Arad i Negev, fekk høyra at israelittane drog fram på vegen til Atarim, gjekk han til strid mot dei og tok nokre av dei til fange. #33,40 2Då gav israelittane Herren ein lovnad. «Gjev du dette folket i våre hender,» sa dei, «skal vi bannstøyta byane deira.» #3 Mos 27,28.29 3Herren høyrde denne bøna og gav kanaanearane i deira hand. Og israelittane bannstøytte både dei og byane deira. Difor fekk staden namnet Horma.#21,3 Horma [14,45.] #Dom 1,17
4Så tok dei ut frå Hor-fjellet og valde vegen til Sevsjøen. For dei ville fara utanom Edom-landet. Men på ferda vart folket utolmodig #21,4 Sevsjøen [14,25.] #20,21 5og tala mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut or Egypt når vi må døy her i øydemarka? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne ringe maten.»#2 Mos 16,3; 4 Mos 14,2f
6Då sende Herren eiterormar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde. #5 Mos 8,15; 1 Kor 10,9 7Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tala mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta ormane bort frå oss!» Og Moses bad for folket. 8Då sa Herren til han: «Lag deg ein orm og set han på ei stong! Så kan kvar den som vert biten, sjå opp på ormen og berga livet.» 9Moses laga ein koparorm og sette han på ei stong. Og det gjekk så at kvar gong ein mann vart biten av ein orm, og han såg bort på koparormen, berga han livet.#2 Kong 18,4; Joh 3,14–15
Israelittane held fram på ferda
10Israelittane heldt fram på ferda og slo leir ved Obot. #33,43f 11Sidan tok dei ut frå Obot og slo leir ved Ijje-Abarim i øydemarka austanfor Moab. 12Derifrå drog dei vidare og slo leir i Sered-dalen. #21,12 Sered-dalen søraust for Daudehavet, ved grensa mellom Edom og Moab. #5 Mos 2,13 13Og då dei tok ut frå Sered-dalen, slo dei leir på den andre sida av Arnon, i den øydemarka som tøyer seg utover frå amorittlandet. Arnon er grensa for Moab, mellom Moab og amorittlandet. 14Difor heiter det i «Boka om Herrens krigar»:#21,14 «Boka om Herrens krigar» ei gamal kvadsamling, som har kome bort.
Vaheb i Sufa og dalane,
Arnon 15og dalsida
som tøyer seg ned mot Ar-bygda
og når til Moabs grense. #21,15 Ar-bygda sentralt moabittisk landstykke sør for Arnon. Sml. Ar i Moab, v. 28.
16Så fór dei til Be'er. Det er den brunnen der Herren sa til Moses: «Kall saman folket, så skal eg gje dei vatn!» #21,16 Be'er «brunn». 17Då song Israel denne songen:
Vell fram, du kjelde!
Lat songen ljoma
18for brunnen som hovdingar har grave,
som dei fremste menn i folket har bora
med styrarstav og septer. #21,18 Mattana «gåve».
Frå Be'er fór dei så til Mattana, 19frå Mattana til Nahaliel, frå Nahaliel til Bamot, 20og frå Bamot til den dalen som går gjennom Moab-høgsletta, under toppen av Pisga-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet.#21,20 Pisga-fjellet nordaust for Daudehavet. #5 Mos 34,1
Siger over amorittkongane Sihon og Og
21Israelittane sende bod til amorittkongen Sihon og sa: #5 Mos 2,26ff; Dom 11,19ff 22«Lat oss få fara gjennom landet ditt! Vi skal ikkje koma inn på åkrar eller i vingardar og ikkje drikka vatn or brunnane. Vi vil fylgja kongsvegen til vi er komne gjennom landet ditt.» 23Men Sihon gav ikkje Israel lov til å fara gjennom landet. Han samla heile hæren sin og drog ut mot israelittane i øydemarka. Då han kom til Jahas, gjekk han til åtak på dei. 24Men Israel slo han med kvasse sverd og tok landet hans frå Arnon til Jabbok, heilt til ammonittlandet. For langs grensa mot Ammon var det mange borger. #5 Mos 29,7ff; Sal 135,11f 25Israelittane tok alle desse amorittbyane og busette seg i dei, i Hesjbon og alle småbyane der ikring.
26Hesjbon var byen åt amorittkongen Sihon. Han hadde lege i strid med den førre kongen i Moab og teke frå han alt landet heilt til Arnon. 27Difor seier skaldane:
Kom til Hesjbon, Sihons by!
Bygg han ut og gjer han til ei borg!#21,27 skaldane Her kjem kanskje eit nytt sitat frå «Boka om Herrens krigar». Sml. v. 14f og 17f.
28Eld gjekk ut frå Hesjbon,
ein loge frå Sihons by.
Han gjorde ende på Ar i Moab
og avgudane på haugane ved Arnon.
29Ve deg, Moab!
Det er ute med deg,
du folk som dyrkar Kamosj.
Han har gjort sønene sine til flyktningar
og sendt døtrene sine i fangeferd
til amorittkongen Sihon.#1 Kong 11,7; Jer 48,45.46
30Vi skaut dei ned
frå Hesjbon radt til Dibon.
Vi herja landet heilt til Nofah,
som ligg bortmed Medeba.
31No slo Israel seg ned i amorittlandet. 32Moses sende folk som skulle speida ut Jaser. Dei tok byane der ikring og dreiv ut amorittane som budde der.
33Så tok dei ei anna lei og fór oppover til Basan. Kong Og i Basan drog ut mot dei med heile hæren sin, og det kom til slag ved Edre'i. #5 Mos 3,1ff 34Då sa Herren til Moses: «Ver ikkje redd han! Eg har gjeve både han og heile folket og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon.» 35Så slo israelittane kong Og og sønene hans og heile hæren hans. Ingen vart att, og ingen slapp unna, og landet la dei under seg.
Currently Selected:
4. Mosebok 21: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2