YouVersion Logo
Search Icon

Galatarane 2

2
Paulus vert godteken av dei andre apostlane
1Fjorten år etter drog eg atter opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg. #Apg 15,2 2Det var ei openberring som gjorde at eg reiste dit. Og i eit serskilt møte med dei mest framståande la eg fram for dei det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga; for eg ville ikkje at heile arbeidet mitt skulle vera fåfengt. #Fil 2,16 3Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera. #Tit 1,4+ 4Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura på den fridomen vi har i Kristus Jesus, så dei kunne gjera oss til trælar. #Apg 15,1.24; Gal 5,1.13 5Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hjå dykk. 6Og dei som galdt for å vera noko – kor store dei var, kan vera det same for meg, for Gud gjer ikkje skil på folk – dei kom ikkje med nye krav til meg. #Rom 2,11+ 7Tvert imot skjøna dei at det var overlate til meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, liksom til Peter for dei omskorne. 8For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for dei uomskorne. 9Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som vert rekna for sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, då gav dei meg og Barnabas si hand til teikn på samfunn. Vi skulle gå til folkeslaga, dei til jødane. 10Vi skulle berre hugsa på dei fattige, og det har eg alltid lagt vinn på å gjera.#2,10 dei fattige kyrkjelyden i Jerusalem. Sjå Rom 15,26.#Rom 15,25ff+
Både jødar og heidningar vert rettferdige ved tru
11Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han. 12Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne. #2,12 skilde lag Jødane meinte at dei vart ureine når dei åt saman med heidningar. #Apg 11,2f 13På same måten hykla dei andre jødekristne, så jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira. 14Men då eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?» #1 Tim 5,20 15Vi er jødar av fødsel og er ikkje syndarar av heidningætt. 16Men då vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Kristus Jesus, då trudde vi òg på Kristus Jesus, så vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud. #Sal 143,2; Rom 3,20.28; 4,5; Gal 3,11 17Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus då ein tenar for synda? Langt ifrå! 18Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, då kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar. 19Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; #Rom 7,1ff 20eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. #Joh 15,13; Rom 6,3f; Gal 5,24; Fil 1,21; 1 Joh 3,16 21Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte.

Currently Selected:

Galatarane 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy