1
1Dette er dei orda som Amos, ein av gjætarane frå Tekoa, fekk i syner om Israel. Det var på den tid då Ussia var konge i Juda, og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.#1,1 før jordskjelvet Tidspunktet er ikkje nærare kjent. Jordskjelv var det ofte i Israel; m.a. vert det nemnt eit då Ussia var konge, Sak 14,5.#Hos 1,1+; Am 7,14
Domen over grannefolka
2Han sa:
Herren skal torna frå Sion,
la røysta si ljoma frå Jerusalem.
Då skal beitemarkene ¬åt gjætarane stura
og alt turka bort ¬på Karmels topp. #Joel 1,10+; 3,21+
3Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Damaskus har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei har treskt Gilead
med jernslegne sledar. #1,3 For tre … ja, for fire gong på gong.#2 Sam 12,31; 2 Kong 8,12; 13,7; Jes 17,1ff; Jer 49,23ff
4Men eg sender eld ¬mot Hasaels hus,
han skal øyda ¬Benhadads borger. #2 Kong 13,24f; 16,9; Jer 49,27
5Eg bryt sund ¬portbommen i Damaskus,
rydjar ut dei ¬som bur i Aven-dalen,
og han som ber kongsstav ¬i Bet-Eden.
Og folket i Aram ¬skal førast til Kir,
seier Herren.
# 1,5 Aven-dalen kanskje dalen mellom Libanon og Antilibanon. # 1,5 Bet-Eden eit aramearrike ved Eufrat eller ikkje langt frå Damaskus. # 1,5 Kir [2 Kong 16,9.]
6Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Gasa har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei førte bort alle
dei hadde teke til fange,
og gav dei i Edoms vald.
7Men eg sender eld ¬mot muren kring Gasa,
han skal øyda borgene i byen.
8Eg rydjar ut dei ¬som bur i Asjdod,
og han som ber kongsstav ¬i Asjkalon.
Eg vender mi hand mot Ekron,
og resten av filistarane ¬skal gå til grunne,
seier Herren Gud.
9Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Tyrus har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For alle dei hadde teke ¬til fange,
gav dei i Edoms vald;
dei kom ikkje brorskapspakta ¬i hug. #Jes 23,1ff; Esek 26–28
10Men eg sender eld ¬mot muren kring Tyrus,
han skal øyda borgene i byen.
11Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬Edom har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei forfylgde sine brør ¬med sverd
og viste ikkje medkjensle.
Dei heldt alltid fast ¬på sin vreide
og gav aldri opp sin harme.
12Men eg sender eld mot Teman,
han skal øyda borgene i Bosra.
# 1,12 Teman, Bosra stader i Edom. # Jes 63,1; Ob 9
13Så seier Herren:
For tre ugjerningar ¬ammonittane har gjort,
ja, for fire ¬tek eg ikkje att min dom.
For dei skar opp ¬svangre kvinner i Gilead
då dei ville gjera ¬sine grenser vide. #Jer 49,1ff; Hos 14,1+
14Men eg kveikjer eld ¬mot muren kring Rabba,
han skal øyda borgene i byen,
medan hærrop lyder ¬på stridens dag,
og stormen rasar ¬på uversdagen.
15Då skal kongen deira ¬førast bort som fange
saman med hovdingane sine, ¬seier Herren.