Apostelgjerningane 21
21
Opp til Jerusalem
1Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og siglde beint til Kos, dagen etter til Rhodos og derifrå til Patara. 2Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att. 3Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og siglde mot Syria. I Tyrus la vi til lands; for der skulle skipet lossa. 4Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem. #20,23 5Då vi hadde vore der dei dagane til endes, heldt vi fram på ferda. Alle fylgde oss ut or byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad. #20,36 6Sidan sa vi farvel til kvarandre; vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att til seg.
7Så fór vi frå Tyrus til Ptolemais og hadde då enda sjøferda. Vi helsa på brørne der og var ein dag hjå dei. 8Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hjå evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hjå han. #6,5; 8,5ff.26ff.40 9Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve. #2,17 10Som vi no drygde der nokre dagar, kom det ein profet som heitte Agabus, ned frå Judea. #11,28 11Han kom til oss, tok beltet åt Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den Heilage Ande: Slik skal jødane i Jerusalem binda den mannen som eig dette beltet, og gje han i hendene på heidningane.» #20,23 12Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem. 13Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjarta? Eg er budd, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for namnet åt Herren Jesus.» #20,24 14Og sidan han ikkje lét seg overtelja, slo vi oss til ro og sa: «Herrens vilje råde!»#Luk 22,42
15Då desse dagane var lidne, gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem. 16Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og fylgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller fyrste læresveinane; hjå han skulle vi bu.
Paulus hjå Jakob
17Då vi kom til Jerusalem, tok brørne imot oss med glede. 18Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, og dit kom alle dei eldste. #15,13 19Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde bruka han til å gjera mellom heidningane. #14,27; 15,4 20Då dei høyrde det, lova dei Gud. Men så sa dei til han: «Du veit, bror, at mange tusen jødar er komne til tru, og alle held dei strengt på lova. #2,41+; 15,1.5 21Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane. #6,14; Gal 2,3 22Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen. 23Gjer no det vi seier deg. Her er fire menn som har bunde seg med ein lovnad. #18,18 24Ta dei med deg, og lat deg reinsa saman med dei. Og ber du kostnaden for dette, så dei kan klyppa håret sitt. Då skjønar alle at det ikkje er noko i det dei har høyrt om deg, men at du òg lever så at du held lova. #21,24 kostnaden utgifter til offer som nasirearen bar fram den dagen vigslingstida var ute. Sjå 4 Mos 6,14f. #1 Kor 9,20 25Når det gjeld dei heidningkristne, har vi skrive til dei og sagt at dei skal halda seg frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av strøypte dyr og frå hor.»#15,20.29
26Dagen etter tok Paulus mennene med seg og lét seg reinsa saman med dei. Sidan gjekk han opp i templet og sa frå når reinsingsdagane var ute og offeret for kvar av dei skulle berast fram.#4 Mos 6,13ff
Paulus vert teken til fange i templet
27Då det leid mot slutten av dei sju dagane, fekk nokre jødar frå Asia sjå han på tempelplassen. Dei øste opp heile folkehopen, la hand på han 28og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som lærer alle, kvar han kjem, slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han jamvel teke grekarar med seg inn i templet og vanhelga denne heilage staden.» #Esek 44,7; Apg 6,13; 21,21 29For dei hadde alt sett Trofimus frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til templet. #20,4 30Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han ut frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.
31Dei heldt mest på å slå han i hel då kommandanten for garnisonen fekk melding om at heile Jerusalem var i ei røre. #21,31 garnisonen den romerske hæravdelinga som låg i Antonia-borga ved det nordvestlege hjørnet av tempelområdet. 32Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus. 33Kommandanten gjekk bortåt; han lét mennene sine gripa Paulus, og baud at han skulle bindast med to lekkjer. Så spurde han kven han var, og kva han hadde gjort. 34Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga. 35Men då dei kom til troppa, trengde hopen så hardt på at soldatane laut bera han; 36for heile folkemengda fylgde etter og skreik: «Drep han!» #Luk 23,18; Apg 22,22 37Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å tala eit ord med deg?» Han svara: «Kan du gresk? 38Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivstikkarane ut i øydemarka?» 39«Eg er ein jøde,» sa Paulus, «og høyrer heime i Tarsus, denne velkjende byen i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!» #9,11; 22,3 40Det fekk han lov til, og Paulus steig fram på troppa og gav teikn med handa til folket. Då det vart heilt stilt, tala han til dei på hebraisk:
Currently Selected:
Apostelgjerningane 21: Bibel1978
Highlight
Copy
Compare
Share
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1978/85
© Bibelselskapet 1978/85
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2