YouVersion Logo
Search Icon

2. Kongebok 1

1
Elia varslar Akasjas død
1Etter at Akab var død, gjorde Moab opprør mot Israel.#3,4ff
2Ein dag datt Akasja ut gjennom gittervindauga i høgsalen sin i Samaria og vart liggjande sjuk. Då sende han nokre menn av stad og sa: «Gå og spør Ba’al-Sebub, guden i Ekron, om eg skal koma meg av denne sjukdomen.» #5 Mos 18,11; Jes 8,19; 19,3 3Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: «Stå opp og gå til møtes med dei mennene som kongen i Samaria har sendt, og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel, sidan de skal av og rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron? 4Difor seier Herren så: Du kjem ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» Så gjekk Elia.#8,10
5Då mennene kom attende til kongen, spurde han: «Kvifor kjem de alt att?» 6Dei svara: «Det kom ein mann imot oss, og han sa til oss: Gå attende til kongen som har sendt dykk, og sei til han: Så seier Herren: Er det ingen Gud i Israel, sidan du sender bod og rådspør Ba’al-Sebub, guden i Ekron? Difor kjem du ikkje til å stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» 7Kongen spurde: «Korleis såg han ut, den mannen som møtte dykk og tala såleis til dykk?» 8Dei svara: «Han var kledd i ei loden kappe og hadde eit lerbelte om livet.» Då sa kongen: «Det var Elia frå Tisjbe!»#Sak 13,4; Matt 3,4
9Så sende kongen ein femtimannsførar med mennene sine til Elia. Han kom opp til profeten medan han sat på toppen av eit berg, og sa: «Gudsmann, kongen seier at du skal koma ned!» 10Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór det eld ned frå himmelen og øydde både føraren og dei femti mennene hans.#Luk 9,54
11Så sende kongen ein annan femtimannsførar og mennene hans, og han sa til Elia: «Gudsmann, så seier kongen: Skunda deg og kom ned!» 12Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, så gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Då fór Guds eld ned frå himmelen og øydde han og mennene hans.
13Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Denne føraren gjekk opp til Elia, la seg på kne for han og bad for seg. «Gudsmann,» sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine! 14Det fór eld ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må du spara meg!»
15Då sa Herrens engel til Elia: «Gå med han og ver ikkje redd han!» Så reiste han seg, fylgde føraren ned til kongen 16og sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Ba’al-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp or den senga du har lagt deg i; du skal døy.» 17Og det gjekk i oppfylling, det ordet frå Herren som Elia hadde tala. Akasja døydde, og Joram, bror hans, vart konge etter han; for han hadde ingen son. Dette hende i det andre året Joram, son til Josjafat, var konge i Juda. #3,1 18Det som elles er å seia om Akasja og det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

Currently Selected:

2. Kongebok 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy