YouVersion Logo
Search Icon

1. Timoteus 5

5
Ulike grupper i kyrkjelyden
1Tal ikkje hardt til ein gamal mann. Når du formanar han, så tal til han som til ein far. Unge menn skal du sjå på som brør, #3 Mos 19,32 2eldre kvinner som mødrer og yngre kvinner som systrer, i reinleik. 3Enkjer som verkeleg er enkjer, skal du æra og hjelpa. 4Men har ei enkje born eller barneborn, så lat dei fyrst læra å visa gudsfrykt i sin eigen huslyd og gje dei gamle vederlag. For det er etter Guds vilje.
5Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett si von til Gud og lever i bøn og påkalling natt og dag. #Luk 2,37 6Men den som berre vil nyta livet, er levande død. #Op 3,1 7Det òg skal du prenta inn, så det ikkje skal vera noko å seia på dei. 8Den som ikkje har omsut for sine næraste, og fyrst og fremst sin eigen huslyd, har fornekta trua og er verre enn ein vantruande.#Matt 15,5f
9Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i kyrkjelyden. Ho må ha vore éin manns kone, #5,9 enkjene i kyrkelyden Dei gjorde teneste i kyrkjelyden og fekk det dei trong til livsopphald for det. 10vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestmild, vaska føtene åt dei kristne, hjelpt dei som er i naud, og i det heile lagt vinn på å gjera vel. #1 Mos 18,3f; Luk 7,44; Joh 13,4.14; Hebr 13,2 11Men unge enkjer skal du ikkje godta. For kanskje vert dei gripne av lyster og vil gifta seg, og då gjer dei Kristus imot; 12for dei får den domen over seg at dei har brote den lovnaden dei fyrst gav om truskap. 13Dessutan har dei ikkje noko å gjera og ven seg til å springa kring i husa. Ja, ikkje nok med at dei ingen ting gjer; dei fer òg med sladder og legg seg opp i saker som ikkje kjem dei ved, og snakkar om slikt som ikkje sømer seg. 14Difor vil eg at dei unge enkjene skal gifta seg, få born og styra huset sitt, så dei ikkje kjem ut for spott og motstandaren får sleppa til. #1 Kor 7,9 15Nokre har alt vendt seg bort og fylgt Satan. 16Om ei truande kvinne har enkjer hjå seg, skal ho syta for dei og ikkje la dei vera til tyngsle for kyrkjelyden; så kan kyrkjelyden ta seg av dei enkjene som er åleine.
17Eldste som er gode forstandarar i kyrkjelyden, fortener dobbel løn, serleg dei som arbeider med forkynning og opplæring. #1 Kor 16,16.18 18For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er si løn verd. #5 Mos 25,4; 1 Kor 9,9ff; Luk 10,7 19Godta ikkje klagemål mot ein eldste utan at det finst to eller tre vitne. #5 Mos 17,6; 19,15; Matt 18,16 20Dei som syndar, skal du tala til rettes medan alle høyrer på, til skrekk og åtvaring for andre. #Gal 2,14 21Eg byd deg for Guds og Jesu Kristi åsyn og for dei utvalde englane at du skal halda dette, utan fordomar og utan å gjera skil på folk. 22Ver ikkje for snar til å leggja hendene på nokon, og gjer deg ikkje medskuldig i syndene åt andre. Hald deg sjølv rein. #Op 18,4 23Drikk ikkje lenger berre vatn, men bruk litt vin for magen din, og fordi du så ofte er sjuk.
24Hjå nokre menneske er syndene synlege for alle og går føre dei til domen, hjå andre fylgjer dei etter. 25På same måten er dei gode gjerningane synlege. Og er dei ikkje det, skal dei koma for dagen.#Matt 10,26

Currently Selected:

1. Timoteus 5: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy