YouVersion Logo
Search Icon

Rut 1

1
Rut og Noomi
1 # Mi 5,1 # 1,1 Betlehem Namnet tyder «Brødhuset». I dei dagane då dommarane styrte, vart det ein gong hungersnaud i landet. Då fór ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og dei to sønene sine for å slå seg ned i slettelandet Moab. 2#1,2 Mahlon og Kiljon Namna finst berre her i heile GT. Mahlon tyder «sjukdom», og Kiljon tyder «tæring». Efrat-slekta >1 Mos 35,16. Mannen heitte Elimelek, kona Noomi og dei to sønene Mahlon og Kiljon. Dei var av Efrat-slekta, frå Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og vart verande der.
3Så døydde Elimelek, mannen til Noomi, og ho sat att med dei to sønene sine. 4Dei tok seg moabittiske koner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Dei vart buande der i om lag ti år. 5Så døydde òg dei to sønene, Mahlon og Kiljon, og Noomi sat att åleine, utan søner og utan mann.
6Då tok ho ut saman med svigerdøtrene sine for å venda heim frå slettelandet i Moab. For ho hadde høyrt i Moab at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød. 7Ho gav seg i veg vekk frå staden der ho hadde budd. Begge svigerdøtrene følgde henne.
Dei gav seg i veg for å venda attende til Juda. 8#2 Sam 2,6 Men Noomi sa til dei to svigerdøtrene sine: «Vend attende, gå, kvar til si mors hus! Måtte Herren vera god mot dykk, slik de har vore gode mot dei døde og mot meg! 9Måtte Herren la dykk begge finna ein trygg heim, kvar i sin manns hus!» Så kyste ho dei. Men dei brast i gråt 10og sa til henne: «Nei, vi vil følgja deg attende til folket ditt.» 11#1,11 føda søner som kunne oppfylla kravet om svogerekteskap. Jf. 5 Mos 25,5. =slektssamfunn og justis. Men Noomi sa: «Vend attende, døtrene mine! Kvifor vil de følgja med meg? Skulle eg enno føda søner de kan få til menn? 12Vend attende, døtrene mine, gå no! Eg er for gammal til å gifta meg att. Og sjølv om eg tenkte at eg enno har von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner, 13skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Det er mykje bitrare for meg enn for dykk, for det er meg Herrens hand har råka.» 14Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste svigermor si til avskil. Men Rut klyngja seg til henne. 15Då sa Noomi: «Sjå, no vender svigerinna di attende til folket sitt og guden sin. Vend attende, du òg. Følg henne!» 16#2 Sam 15,21 Men Rut svara: «Tving meg ikkje til å skiljast frå deg og venda attende, for:
Der du går, vil eg gå,
og der du bur, vil eg bu.
Ditt folk er mitt folk,
og din Gud er min Gud.
17Der du døyr, vil eg døy,
og der vil eg bli gravlagd.
Måtte Herren la det gå meg ille
både no og sidan
om noko anna enn dauden
skal skilja meg frå deg!»
18Då Noomi såg at ho stod fast på sitt og ville vera med henne, tala ho ikkje meir til henne om det.
19Så gjekk dei vidare til dei kom til Betlehem. Og då dei kom dit, vart det oppstyr i byen for deira skuld, og kvinnene sa: «Er dette Noomi?» 20#1,20 Noomi, Mara Noomi tyder «yndefull», og Mara tyder «beisk» eller «bitter». Den veldige gudsnamn. >1 Mos 17,1. =Guds namn. Men ho sa til dei: «Kall meg ikkje Noomi! Kall meg heller Mara! For Den veldige har gjort livet beiskt for meg. 21Rik drog eg bort, fattig har Herren late meg venda attende. Kvifor kallar de meg Noomi når Herren har vitna mot meg, og når Den veldige har late det gå meg så ille?»
22 # 1,22 bygghausten >Jos 3,15. Så kom då Noomi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende attende frå slettelandet i Moab. Dei kom til Betlehem då bygghausten byrja.

Currently Selected:

Rut 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy