YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 19

19
1Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han. 2#Matt 27,27ff; Mark 15,16ff Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe. 3Så steig dei fram for han og sa: «Ver helsa, jødekonge!» Og dei slo han i andletet. 4På nytt gjekk Pilatus ut av borga og sa til folket: «No fører eg han ut til dykk, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hos han.»
5Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus seier til dei: «Sjå det mennesket!» 6#18,31 Men då overprestane og vaktmennene fekk sjå han, ropa dei: «Krossfest! Krossfest!» Pilatus seier til dei: «Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hos han.» 7#3 Mos 24,16; Joh 10,33ff+ Jødane svara: «Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.»
8Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare. 9Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar. 10«Svarar du meg ikkje?» sa Pilatus. «Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?» 11#Ordt 8,15; Rom 13,1; 1 Tim 2,1f; Tit 3,1; 1 Pet 2,13f Jesus svara: «Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.» 12Etter dette ville Pilatus gje han fri. Men jødane ropa: «Gjev du denne mannen fri, er du ikkje ven med keisaren. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.»
Jesus blir dømd
(Matt 27,22–26; Mark 15,12–15; Luk 23,21–25)
13Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut av borga og sette seg i dommarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata. 14#19,14 sjette timen ca. kl. 12. =tidsrekning. Det var helgaftan før påske, omkring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå kongen dykkar!» 15#18,37 Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren», svara overprestane. 16Då gav han Jesus over til dei så han skulle krossfestast.
Jesus blir krossfest og døyr
(Matt 27,31–56; Mark 15,21–41; Luk 23,26–49)
Så tok dei Jesus med seg. 17Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata. 18Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt mellom dei. 19Pilatus hadde laga ei innskrift og sett på krossen. Der stod det skrive:
«Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.»
20Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk. 21Overprestane til jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje: ‘Kongen over jødane’, men skriv: ‘Han sa: Eg er kongen over jødane’.» 22Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.»
23Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og delte dei på fire, ein del til kvar soldat. Dei tok òg kjortelen, som var utan saumar, voven i eitt stykke ovanfrå og ned. 24#Sal 22,19#19,24 dette ordet i Orda manglar i nokre av dei eldste handskriftene. Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han.» Slik skulle {{dette ordet i}} Skrifta oppfyllast:
Dei delte kleda mine mellom seg
og kasta lodd om kappa.
Dette gjorde soldatane.
25 # Luk 2,35 Innmed Jesu kross stod mor hans og syster til mor hans, Maria, som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. 26#13,23+ Då Jesus fekk auge på mor si og såg at den læresveinen han hadde kjær, stod attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, sjå, der er son din.» 27Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.
28 # Sal 22,16 Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tørst.» 29#Sal 69,22#19,29 vineddik sur vin blanda med vatn, brukt som leskedrikk av soldatar og arbeidsfolk. Jf. Rut 2,14. isopstilk plante som vart brukt under den jødiske påskefeiringa. Jf. 2 Mos 12,22. Det stod eit kar med vineddik der. Av den vinen fylte dei ein svamp som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans. 30Då Jesus hadde fått vineddiken, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.
31 # 5 Mos 21,22f # 19,31 beina deira måtte knusast Romarane braut ofte leggene til dei krossfeste for at dei skulle døy raskare. Det var helgaftan, og kroppane måtte ikkje bli hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina deira måtte knusast og kroppane takast ned. 32Soldatane kom då og knuste beina, først på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus. 33Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei knuste ikkje hans bein. 34#1 Joh 5,6 Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn. 35#21,24 Og han som såg det, har vitna om dette, og vitneutsegna hans er sann. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru. 36#2 Mos 12,46; Sal 34,21 Dette hende for at dette ordet i Skrifta skulle oppfyllast:
Ikkje eit bein skal brytast på han.
37 # Sak 12,10 Og eit anna skriftord seier:
Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.
Jesus blir gravlagd
(Matt 27,57–61; Mark 15,42–47; Luk 23,50–56)
38 # 7,13+ Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu kropp. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned kroppen. 39#3,1f; 7,50#19,39 myrra aromatisk saft frå bork, brukt i salve og parfyme. aloe knuste, velluktande trefibrar. =planter. hundre pund ca. 33 kg. =mål og vekt. Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, omkring hundre pund. 40Då tok dei Jesu kropp og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken er ved gravferdene til jødane. 41På den staden der Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav som ingen endå var lagd i. 42Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hos jødane og grava låg så nær.

Currently Selected:

Johannes 19: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy