YouVersion Logo
Search Icon

Jeremia 1

1
1 # Jos 21,18 Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamin-landet. 2#2 Kong 22,1ffHerrens ord kom til han i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans, 3#2 Kong 23,34ff; 24,18ff; 25,1ff.8.11 og i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, heilt til slutten av det ellevte året då Sidkia, son til Josjia, var konge i Juda, då Jerusalem vart ført i eksil i den femte månaden.
Herren kallar Jeremia til profet
4 Herrens ord kom til meg:
5 # Jes 49,1; Gal 1,15 «Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,
før du vart fødd, helga eg deg,
til profet for folkeslaga sette eg deg.»
6 # 2 Mos 4,10; Matt 10,19 Men eg sa:
«Å, min Herre og Gud!
Sjå, eg kan ikkje tala,
eg er for ung!»
7 # 2 Mos 4,11f; Esek 3,17 Då sa Herren til meg:
«Du skal ikkje seia: Eg er ung!
Overalt der eg sender deg, skal du gå,
og alt eg byd deg, skal du seia.
8 # Jes 41,10; Jer 15,20; Esek 3,9 Ver ikkje redd dei,
eg er med deg og skal berga deg,
seier Herren
9 # Jes 6,7; Esek 3,1–3 Herren rette ut handa og rørte ved munnen min. Så sa Herren til meg:
«No legg eg orda mine i din munn.
10 # 12,14ff; 18,7.9; 26,4; 27,1ff; 31,28; 42,10; 45,4 Sjå, eg set deg i dag over folk og rike
til å rykkja opp og riva ned,
til å øydeleggja og knusa,
til å byggja og planta.»
To syn
11 # 1,11 vaketre mandeltreet. Ein kan omsetja det hebr. ordet med «den vakne». Det formar eit ordspel med ordet for «å vaka» i neste vers. Mandeltreet blømer tidleg på berr kvist. Herrens ord kom til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av eit vaketre.» 12#Jes 55,10f Då sa Herren til meg: «Godt sett! For eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»
13 Herrens ord kom til meg for andre gong: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte, ho hallar hit frå nord.» 14#4,6; 6,1.22; 25,9#1,14 ulukka kanskje om åtak frå fiendtlege folk frå nord. Jf. 4,6ff; 6,22; Jes 41,25. Då sa Herren til meg:
Frå nord skal ulukka hellast ut
over alle som bur i landet.
15 # 39,3; 52,4f For no kallar eg på alle kongeslektene i nord,
seier Herren.
Dei skal koma og reisa kvar si trone
ved Jerusalems portopningar,
mot alle murane ikring
og mot alle byane i Juda.
16 # 2,13; 7,9; 11,12f; 19,4.13; 32,29; 44,3f.8 Då vil eg seia min dom over dei
for all deira vondskap,
dei som forlét meg,
tende offereld for andre gudar
og tilbad verk av eigne hender.
17Men du skal spenna beltet om livet,
stå fram og seia til dei
alt det eg byd deg.
Ver ikkje redd dei,
elles slår eg deg med redsle for dei.
18 # 15,20; Esek 3,8f Sjå, eg gjer deg i dag til ein festningsby,
til ei jernstøtte og ein bronsemur
mot heile landet,
mot kongane i Juda, mot leiarane og prestane
og folket i landet.
19Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna.
For eg er med deg,
seier Herren.
Eg skal berga deg.

Currently Selected:

Jeremia 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy