YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 15

15
1 # 14,1; 1 Tess 5,14 Vi som er sterke, må bera veikskapen til dei veike og ikkje tenkja på oss sjølve. 2#1 Kor 9,19ff; 10,24.33 Kvar og ein av oss skal tenkja på kva som er til beste for nesten, og gjera det som tener til oppbygging. 3#Sal 69,10 For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv. Slik det står skrive:
På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.
4 # 4,23f; 5,2; 1 Kor 10,11; 2 Tim 3,16 Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få håp gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev. 5#12,16; 1 Kor 1,10; 2 Kor 13,11; Fil 2,2; 4,2 Må Gud sjølv, som gjev tolmod og trøyst, gje dykk alle same sinn etter Kristi Jesu vilje. 6Då kan de samstemde og med éin munn prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far. 7#15,7 tok imot dykk Nokre handskrifter har «tok imot oss». Ta difor imot kvarandre slik Kristus tok imot dykk, til Guds ære. 8#Apg 3,25f+ For det seier eg dykk: Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at Gud talar sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk, 9#Sal 18,50 men òg for at heidningfolka skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive:
Difor vil eg prisa deg mellom folka
og lovsyngja ditt namn.
10 # 5 Mos 32,43 Og ein annan stad heiter det:
Gled dykk, de folkeslag, saman med hans folk!
11 # Sal 117,1 Og endå ein annan stad:
Lovsyng Herren, alle folk,
pris han, alle folkeslag!
12 # Jes 11,10 # 15,12 Isais rotskot den Messias dei venta på, skulle vera av Davids ætt, jf. Jes 11,1. Isai var far til kong David. Jf. uttrykket «Davids rotskot» i Op 5,5. Og Jesaja seier:
Isais rotskot skal koma,
han som reiser seg og rår over folka,
til han skal folkeslaga setja si von.
13Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.
Tenesta til Paulus og planane hans
14Eg har den tru om dykk òg, mine sysken, at de er fylte av det gode, og at de har kunnskap nok, så de òg kan rettleia kvarandre. 15#12,3 Likevel har eg nokre stader skrive nokså ope og direkte for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg: 16#1,9; 11,13; Fil 2,17 at eg skal vera Kristi Jesu tempelprest mellom folkeslaga. Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan bli ei offergåve til glede for Gud, helga ved Den heilage ande. 17#1 Kor 1,31 I Kristus Jesus kan eg vera glad og stolt over denne tenesta for Gud. 18#1,5; 2 Kor 3,5 Men eg vågar ikkje å tala om anna enn det Kristus har gjort gjennom meg for å føra folkeslaga til lydnad. Dette har eg fått gjera med ord og i gjerning, 19#Apg 15,12; 2 Kor 12,12#15,19 Illyria område aust for Adriahavet, grenseprovins til Makedonia. ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg fullført forkynninga av Kristi evangelium vidt omkring, frå Jerusalem og heilt til Illyria. 20#2 Kor 10,15f Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt, 21#Jes 52,15 men som det står skrive:
Dei som ikkje har fått bodskapen om han, skal sjå,
og dei som ikkje har høyrt, skal skjøna.
22 # Apg 19,21; Rom 1,10ff Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk. 23Men no er det ikkje meir å gjera for meg i desse landa, og i fleire år har eg lengta etter å koma til dykk 24#15,24 til Spania Sidan Paulus vart fengsla i Jerusalem, fekk han ikkje gjennomført planen om å reisa til Spania (Apg 21). og så halda fram til Spania. Eg vonar at eg skal få sjå dykk når eg dreg forbi, og at de vil hjelpa meg med det eg treng til reisa dit, når eg først har fått gledd meg ei stund i samværet med dykk.
25 # Apg 24,17; 1 Kor 16,1; 2 Kor 8–9; Gal 2,10 # 15,25 dei heilage forsamlinga i Jerusalem. Men no dreg eg til Jerusalem med hjelpa til dei heilage der. 26Forsamlingane i Makedonia og Akaia har sagt at dei vil samla inn ei gåve til dei fattige mellom dei heilage i Jerusalem. 27#9,4; 11,17; 1 Kor 9,11; Gal 6,6 Det vil dei gjerne gjera; dei står òg i gjeld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med materielle gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver. 28Når eg har fullført dette og fruktene av innsamlinga godt og vel er i deira hender, då reiser eg til Spania og legg vegen om dykk. 29#1,11 Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning.
30 # 2 Kor 1,11; Fil 1,19.27; Kol 4,3.12; 2 Tess 3,1 Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesus Kristus og ved Andens kjærleik: Strid saman med meg ved å be til Gud for meg. 31#15,31 dei vantruande i Judea jødane. Be om at eg må bli berga frå dei vantruande i Judea, og at dei heilage i Jerusalem må ta vel imot den hjelpa eg kjem med. 32Då kan eg, om Gud vil, koma til dykk med glede og få kvila ut saman med dykk. 33#16,20 Fredens Gud vere med dykk alle! Amen.

Currently Selected:

Romarane 15: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy