YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 58

58
1 # 57,1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David.
2 # 82,2+ Talar de verkeleg rett, de mektige?
Dømmer de rettferdig, de menneske?
3Nei, frå hjartet ber de fram urett på jorda,
med hendene spreier de vald.
4 # 51,7+ Frå fødselen av er dei urettferdige på avvegar,
heilt frå mors liv fer løgnarane vill.
5 # 140,4+ Deira gift er som ormegift,
dei liknar ein orm som er døv,
han lèt att øyra
6og høyrer ikkje på han som kviskrar,
på han som er kunnig til å mana.
7 # 3,8 Gud, knus tennene i deira munn,
Herre, bryt tanngarden sund på løvene!
8Lat dei kverva slik vatn renn vekk!
Lat dei berre spenna bogen,
pilene er utan kraft.
9Lat dei bli lik snigelen som løyser seg opp i slim,
lik den dødfødde som aldri såg sola.
10Før grytene kjenner varmen frå tornekvistene,
blæs han dei bort, dei friske som dei brennande.
11Den rettferdige skal gleda seg
når han ser at han får hemn.
Han skal vaska føtene
i blodet av dei urettferdige.
12 # 7,12+ Då skal menneska seia:
«Ja, den rettferdige får si løn.
Det finst ein Gud som dømmer på jorda.»

Currently Selected:

Salmane 58: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy