YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 56

56
1 # 1 Sam 21,10ff # 56,1 Dua … langt borte kanskje namn på ein melodi. miktam >16,1. Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam. Av David, då filistrane greip han i Gat.
2Ver meg nådig, Gud! Folk jagar meg,
stridsmenn trengjer seg på meg heile dagen.
3 # 3,2+ Fiendar jagar meg dagen lang,
frå si høgd går dei til åtak, dei er mange.
4Når eg er redd, stolar eg på deg.
5 # 27,1 Eg stolar på Gud, eg prisar hans ord.
Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd.
Kva kan vel menneske gjera meg?
6Dei vrir på orda mine dagen lang,
dei tenkjer berre på å skada meg.
7 # 71,10; 119,95 Dei slår seg saman og ligg på lur,
dei vaktar mine steg,
ventar berre på å ta mitt liv.
8 # 59,6.14 Skal dei sleppa unna med sin urett?
Støyt folkeslag ned i din vreide, Gud!
9 # Mal 3,16 Du har talt mine heimlause steg,
mine tårer har du samla i di lêrflaske.
Står det ikkje i di bok?
10Difor må fienden dra seg tilbake
den dagen eg ropar.
Det veit eg, at Gud er med meg.
11Eg stolar på Gud, eg prisar ordet,
eg lit på Herren, eg prisar ordet.
12Eg stolar på Gud, eg er ikkje redd.
Kva kan eit menneske gjera meg?
13 # 50,14+ Eg vil halda mine lovnader til deg, Gud,
difor kjem eg med lovsongsoffer til deg.
14 # 33,19; 116,8f For du har berga mitt liv frå døden
og foten frå å snubla,
så eg kan ferdast for Guds andlet i livsens lys.

Currently Selected:

Salmane 56: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy