YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 32

32
1 # Rom 4,7f Av David. Ein læresalme.
Sæl er den som får sine brot tilgjevne
og sine synder tildekte!
2Sælt er det mennesket
som Herren ikkje tilreknar skuld,
som i si ånd er utan svik.
3Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort
medan eg stønna heile dagen.
4For dag og natt
låg di hand tungt på meg.
Mi livssaft svann
som i heten om sommaren. Sela
5 # 2 Sam 12,13; 24,10; Ordt 28,13; 1 Joh 1,9 Då sanna eg mi synd for deg,
og mi skuld dekte eg ikkje over.
Eg sa: «Eg vil sanna
mine brot for Herren
Og du tok bort mi syndeskuld. Sela
6Difor skal alle trugne
be til deg i tider med trengsle.
Om det kjem ein veldig flaum,
skal vatnet ikkje nå dei.
7Du skjermar meg,
du vernar meg mot naud,
med frelsejubel omgjev du meg. Sela
8 # 25,12; Jes 48,17 Eg vil gjera deg vis og læra deg
den vegen du skal gå,
eg vil la mitt auge kvila på deg
og gje deg råd.
9 # 2 Kong 19,28; Ordt 26,3 Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!
Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,
elles kjem dei ikkje til deg.
10 # 34,22; Ordt 12,21 Den urettferdige har mange plager,
men den som set si lit til Herren,
kransar han med miskunn.
11 # 30,5+; Jes 61,10; Hab 3,18; Fil 4,4 Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige!
Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!

Currently Selected:

Salmane 32: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy