YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 17

17
1 # 18,21.25 Ei bøn av David.
Høyr, Herre, lat mi rettferd tala,
lytt til mi bøn, høyr når eg ropar,
leppene mine er utan svik.
2Frå deg må retten min koma,
dine auge ser jo kva som er rett!
3 # 7,10+ Prøv mitt hjarte,
gransk det om natta,
prøv meg med eld!
Du finn ikkje noko skammeleg hos meg.
Min munn syndar ikkje.
4Kva menneska enn gjorde,
vakta eg meg for vegen valdsmenn går,
etter ditt ord.
5 # Job 23,11 Stødig gjekk eg i dine spor,
føtene vakla ikkje.
6Gud, eg ropar til deg, du som svarar.
Vend øyret til meg og høyr mine ord!
7Vis di underfulle miskunn!
Du frelser dei som flyr frå fiendar
og søkjer tilflukt ved di høgre hand.
8 # 5 Mos 32,10f; Sal 36,8; 57,2; 61,5; 63,8; 91,4; Sak 2,12 Vakta meg som din augnestein,
gøym meg i skuggen av dine venger
9for lovlause som plyndrar meg,
for dødsfiendar som kringset meg.
10Sitt harde hjarte har dei late att,
med munnen talar dei hovmodige ord.
11No omringar dei oss kvar vi går,
dei tenkjer å slå meg til jorda.
12 # 7,3+ Han liknar ei rovgrisk løve,
ei ungløve som ligg på lur.
13 # 3,8+ Reis deg, Herre!
Gå imot han og tving han i kne!
Fri meg frå den lovlause med ditt sverd,
14 Herre, fri meg frå menneske med di hand,
frå menneske i verda
som har fått si løn i livet.
Fyll magen deira med det du har tiltenkt dei,
så sønene blir mette
og lèt resten gå til sine born!
15 # Job 19,27; Sal 16,11+; 1 Joh 3,2 Men frikjend skal eg få sjå ditt andlet.
Når eg vaknar, skal eg mettast ved synet av deg.

Currently Selected:

Salmane 17: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy