YouVersion Logo
Search Icon

Salmane 118

118
1 # 106,1+ Takk Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.
2 # 115,9ff Israel skal seia:
Evig varer hans miskunn.
3 # 118,3 Arons hus >115,110. Arons hus skal seia:
Evig varer hans miskunn.
4Dei som fryktar Herren, skal seia:
Evig varer hans miskunn.
5 # 18,20; 119,45 Eg var i trengsle og ropa til Herren,
han svara og førte meg ut i ope land.
6 # 27,1; Rom 8,31 Herren er med meg, eg er ikkje redd.
Kva kan menneske gjera meg?
7 # 54,6.9+ Herren er med meg, han hjelper meg,
eg kan sjå på dei som hatar meg.
8 # 62,9f; 146,3f Det er betre å søkja tilflukt hos Herren
enn å stola på menneske.
9Det er betre å søkja tilflukt hos Herren
enn å stola på fyrstar.
10 # 44,6 Alle folkeslag omringa meg,
i Herrens namn slo eg dei tilbake.
11Dei var omkring meg på alle kantar,
i Herrens namn slo eg dei tilbake.
12Dei var omkring meg som bier.
Dei slokna som eld i klunger,
i Herrens namn slo eg dei tilbake.
13Dei pressa meg hardt, eg heldt på å falla,
men Herren hjelpte meg.
14 # 2 Mos 15,2; Jes 12,2 Herren er min styrke og min song,
han har vorte mi frelse.
15Høyr, det er jubel og sigersrop
i teltet til dei rettferdige!
Herrens høgre hand gjer storverk,
16 Herrens høgre hand lyfter opp.
Herrens høgre hand gjer storverk.
17 # 115,17f Eg skal ikkje døy, men leva
og fortelja om Herrens gjerningar.
18Hardt har Herren tukta meg,
men han overgav meg ikkje til døden.
19 # 24,7; Jes 26,2 Lat rettferds portar opp for meg,
eg vil gå inn og prisa Herren!
20Dette er Herrens port,
her går dei rettferdige inn.
21Eg prisar deg fordi du svara meg,
du vart mi frelse.
22 # Matt 21,42; Apg 4,11; Ef 2,20; 1 Pet 2,7 Steinen som bygningsmennene vraka,
har vorte hjørnestein.
23Dette er Herrens eige verk,
underfullt er det i våre auge.
24 # Jes 49,8f Dette er dagen som Herren har gjort;
lat oss jubla og gleda oss no!
25 Herre, frels!
Herre, lat det lukkast!
26 # Matt 21,9; 23,39 Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
Vi velsignar dykk frå Herrens hus.
27 # 2 Mos 29,12 # 118,27 Bind festofferet … tau eller: «Dann ein festprosesjon med greiner i hendene heilt fram til altarhorna.» altarhorna =horn. Jf. 2 Mos 27,1f. Herren er Gud, han lyser for oss.
Bind festofferet til altarhorna med tau!
28 # 31,15 Du er min Gud, eg takkar deg,
min Gud, eg opphøgjer deg.
29 # 106,1+ Takk Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.

Currently Selected:

Salmane 118: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy