YouVersion Logo
Search Icon

Ordtaka 1

1
Første samlinga
(Kap. 1–9)
1 # 1 Kong 3,12; 4,29–34; Fork kap. 1–2 Ordtak frå Salomo, son til David og konge i Israel.
2Til å gje kunnskap om visdom og formaning,
til å forstå forstandige ord,
3til å ta imot formaning som gjev innsikt
om ærlegdom, rettferd og rett,
4til å gje vitlause vit
og den unge kunnskap og omtanke.
5Den vise skal høyra og auka sin lærdom,
den kloke læra å bruka sin tanke
6så han skjønar ordtak og bilettale,
ord av vismenn og gåtene deira.
7 # Job 28,28; Sal 111,10; Ordt 2,5; 9,10; 15,33 Å frykta Herren er opphav til kunnskap,
dei dumme foraktar formaning og visdom.
Slå ikkje lag med syndarar
8 # 6,20; 23,22 Høyr etter, son min, når far din formanar,
forkast ikkje rettleiing frå mor di!
9For det er ein vakker krans om hovudet,
ei kjede som pryder halsen din.
10 # 1,10 Son min Slik talar visdomslæraren til eleven sin. Son min, følg ikkje syndarar om dei lokkar deg,
11 # Mi 7,2 om dei seier: «Kom med oss!
Vi vil liggja på lur etter blod,
setja feller for skuldlause utan grunn.
12Som dødsriket vil vi sluka dei levande
og heile, lik dei som går i grav.
13Alt som er kostbart, skal vi finna,
fylla våre hus med røva gods.
14Våg du lukka di hos oss,
så skal vi ha felles kasse.»
15Slå ikkje lag med dei, min son,
hald din fot frå deira stigar!
16 # 6,18; Jes 59,7 Foten deira spring lett etter det som er vondt,
og dei er snare til å ausa ut blod.
17For det er nyttelaust å spenna nettet
medan fuglane ser det.
18Men dei ligg på lur etter sitt eige blod,
dei set feller for seg sjølve.
19 # 15,27; 1 Tim 6,10 Slik går det med alle som jaktar på vinning,
ho tek livet av eigaren sin.
Visdomen ropar på gata
20 # 8,1; 9,3 # 1,20 Visdomen I fleire avsnitt i kap. 1–9 står Visdomen fram som ein personleg skapnad, ei røyst som talar på Guds vegner. Det hebr. ordet for «visdom» er eit hokjønnsord, og Visdomen blir skildra som ei kvinne. Visdomen ropar høgt på gata,
lèt røysta lyda på alle torg.
21 # 1,21 byportane var òg møtestader for samråd og rettsforhandlingar. Jf. Rut 4,1ff. Ho ropar ut midt i ståket,
tek til ords ved byportane:
22 # Sal 94,8 Kor lenge skal de vitlause elska vitløysa?
Kor lenge skal spottarane nyta sin spott
og dårane hata kunnskap?
23Snu dykk hit når eg talar til rette!
Då lèt eg min pust strøyma ut til dykk
og kunngjer orda mine for dykk.
24 # Jes 65,12; 66,4; Jer 7,13 Eg ropa, men de ville ikkje høyra,
rette handa ut, men ingen lytta.
25De kasta alle mine råd til side,
ville ikkje høyra då eg tala til rette.
26Difor skal eg le når ulukka rammar,
og spotta når de blir slegne av redsle,
27når redsla kjem som eit uvêr
og ulukka som ein storm,
når naud og trengsle kjem over dykk.
28 # Jes 59,2; Jer 11,11; Am 8,11f; Joh 7,34 Då skal dei ropa, men eg svarar ikkje;
dei skal leita, men ikkje finna meg.
29For dei hata kunnskap,
dei valde ikkje å frykta Herren,
30dei ville ikkje ha mitt råd,
viste ingen respekt då eg tala til rette,
31 # Jes 3,10f Difor skal dei smaka frukta av si ferd
og mettast av sine eigne planar.
32Vitlause vender seg bort og lèt livet,
sorgløysa valdar at dårane stuper.
33Men den som høyrer på meg, bur trygt,
i ro utan redsle for noko vondt.

Currently Selected:

Ordtaka 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy