YouVersion Logo
Search Icon

Filipparane 4

4
Glede, bøn og fred
1 # 1 Kor 9,25; 2 Tim 2,5; 4,7f; Jak 1,12; 1 Pet 5,4; Op 2,10; 3,11 Difor, mine sysken, som eg elskar og lengtar etter, mi glede og min sigerskrans, stå faste i Herren, mine kjære!
2 # 2,2+ # 4,2 Evodia, Syntyke to kvinner som elles ikkje er nemnde, men som ifølgje v. 3 har hatt ei sentral rolle i verksemda til Paulus. Eg påminner Evodia, og Syntyke like eins: De må bli samde i Herren! 3#2 Mos 32,32f; Sal 69,29; Dan 12,1; Luk 10,20; Op 3,5+#4,3 Synzygos Namnet tyder «den ein ber åket saman med», dvs. ein medarbeidar. Og eg bed deg, du som med rette heiter Synzygos, at du må hjelpa desse to. For dei har stridd med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok.
4 # Neh 8,10; Fil 2,18; 3,1 Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! 5#Hebr 10,37; Jak 5,8; Op 3,11; 22,7.12.20 Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. 6#Matt 6,25ff; 1 Pet 5,7 Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. 7#Joh 14,27; Kol 3,15 Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.
8Til slutt, sysken: Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det! 9#Rom 15,33; 1 Tess 4,1+ Det som de har lært, og det de har teke imot, det de har sett og det de har høyrt av meg, gjer alt dette – og fredens Gud skal vera med dykk.
Takk for gåva
10Det gleder meg storleg i Herren at dykkar omsorg for meg no skyt nye skot. De har nok hatt omtanke for meg før òg, men då hadde de ikkje høve til å gjera noko med det. 11#1 Tim 6,6 Eg seier ikkje dette fordi eg leid naud, for eg har lært å klara meg med det eg har.
12Eg veit kva det er å ha lite,
eg veit kva det er å ha overflod.
I alt og i alle ting er eg innvigd,
å vera mett og vera svolten,
å ha overflod og ha for lite.
13 # 2 Kor 12,10; 2 Tim 4,17 Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.
14Likevel gjorde det meg godt at de stod saman med meg då eg var i naud. 15#2 Kor 11,9#4,15 hadde fare frå Makedonia Etter Apg 17,14f reiste Paulus frå provinsen Makedonia til Aten. De veit sjølve, filipparar, at i den første tida eg forkynte evangeliet, då eg hadde fare frå Makedonia, var de den einaste forsamlinga som førte rekneskap med meg over gjeve og motteke. 16#4,16 Alt … i Tessalonika dvs. etter vitjinga i Filippi, men før han drog frå Makedonia. Jf. Apg 17,1. Alt då eg var i Tessalonika, sende de meg både ein og to gonger det eg trong. 17No er det ikkje gåva eg er ute etter, men frukta av gåva, og den skal rikeleg godskrivast dykk. 18#2 Mos 29,18; Fil 2,25; Hebr 13,16 Med dette stadfester eg at alt er motteke, og at eg no har nok. Ja, eg har meir enn nok etter at Epafroditus kom med sendinga frå dykk. Det var som ein god ange, eit offer Gud tek imot med glede. 19Så skal min Gud, som er så rik på herlegdom i Kristus Jesus, gje dykk alt de treng. 20#4,20 Amen hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». =amen. Vår Gud og Far vere ære i all æve! Amen.
Sluttord
21Hels kvar og ein av dei heilage i Kristus Jesus. Syskena våre som er saman med meg, helsar dykk. 22#1,13#4,22 dei som er i teneste hos keisaren Slike var det mange av i Romarriket, også utanfor hovudstaden Roma. Og alle dei heilage helsar dykk, mest dei som er i teneste hos keisaren. 23#Gal 6,18; 2 Tim 4,22; Filem 25 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

Currently Selected:

Filipparane 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy