YouVersion Logo
Search Icon

Filipparane 2:3-8

Filipparane 2:3-8 BIBEL2011

Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre. Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vera Gud lik, men gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik. Då han stod fram som menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.