YouVersion Logo
Search Icon

Nehemja 9

9
Folket sannar si synd
1 # 9,1 kledde … over seg teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. Den tjuefjerde dagen i same månaden samla israelittane seg til faste, kledde i sekkestrie og med mold strødd over seg. 2Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle dei framande. Dei stod fram og sanna syndene sine og fedrane si skuld. 3Ein fjerdepart av dagen stod dei, kvar på sin plass, medan det vart lese opp frå lovboka til Herren deira Gud. Ein annan fjerdepart av dagen skrifta dei og tilbad Herren sin Gud.
4Og Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på levittane sitt podium og ropa med høg røyst til Herren sin Gud. 5Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petahja:
Stå opp, velsign Herren dykkar Gud,
han som er frå æve til æve.
Velsigna vere ditt herlege namn,
som er høgare enn all lov og pris.
6 # Sal 103,21f; Jes 37,16; Apg 14,15 # 9,6 himmelhæren =himmelske vesen. Du er Herren, du åleine.
Du har skapt himmelen,
himmel-himlane med heile hærskaren,
jorda og alt som er på henne,
havet og alt som er i det.
Du gjev alle liv,
himmelhæren tilbed deg.
7 # 1 Mos 11,31; 12,1ff 17,5 Du er Herren Gud
som valde ut Abram,
som førte han frå Ur i Kaldea
og gav han namnet Abraham.
8 # 1 Mos 12,7+ Du fann at hans hjarte var trufast mot deg,
og du gjorde ei pakt med han.
Landet til kanaanearane,
hetittane, amorittane, perisittane,
jebusittane og girgasjittane
lova du å gje etterkomarane hans.
Og du heldt din lovnad,
for du er rettferdig.
9 # 2 Mos 3,7ff; 14,9ff Du såg korleis fedrane vart plaga i Egypt,
du høyrde deira skrik ved Sivsjøen.
10Du gjorde teikn og under
med farao og tenarane hans
og alt folket i landet.
For du visste at dei handla i overmot
mot fedrane våre.
Du skapte deg eit namn
som varer til denne dag.
11 # 2 Mos 14,21ff; 15,4f; Sal 106,9; 136,13f Du kløyvde sjøen framfor dei,
og dei drog gjennom havet
på tørr grunn.
Men dei som forfølgde dei,
kasta du i djupet
som stein
i det veldige vatnet.
12 # 2 Mos 13,21f+; Sal 105,39 I ei skysøyle førte du dei om dagen
og i ei eldsøyle om natta;
ho lyste opp vegen dei skulle gå.
13 # 2 Mos 19,18ff; 20,1ff; Sal 19,8f Du steig ned på Sinai-fjellet
og tala til dei frå himmelen.
Du gav dei rette ordningar,
sanne lover,
gode forskrifter og bod.
14Din heilage sabbat kunngjorde du,
bod, forskrifter og lov gav du dei
gjennom Moses, tenaren din.
15 # 2 Mos 16,4+ Brød frå himmelen gav du dei
mot hungeren,
og vatn lét du strøyma frå berget
mot tørsten.
Du baud dei dra inn
og ta landet i eige,
det som du med lyft hand
hadde lova dei.
16Men dei var hovmodige og stivnakka,
fedrane våre,
dei høyrde ikkje på dine bod.
17 # 4 Mos 14,4; Sal 103,8; Joel 2,13 Dei nekta å høyra
og hugsa ikkje dine under
som du hadde gjort for dei.
Dei var stivnakka
og tok seg ein leiar
for å venda attende til slaveriet i Egypt.
Men du er ein Gud som tilgjev,
du er nådig og mild,
sein til vreide og rik på miskunn,
og du forlét dei ikkje.
18 # 2 Mos 32,4 Dei støypte seg jamvel ein kalv
og sa: «Dette er din gud
som førte deg opp frå Egypt.»
Og dei spotta grovt.
19 # 2 Mos 13,22 Men i di store miskunn
forlét du dei ikkje i ørkenen.
Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,
men førte dei på vegen;
og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,
men lyste opp vegen dei skulle gå.
20 # 5 Mos 8,16 Du gav dei din gode Ande
for at dei skulle få visdom.
Du nekta dei ikkje manna til mat
og gav dei vatn mot tørsten.
21 # 5 Mos 8,4 Du sørgde for dei i førti år,
i ørkenen mangla dei ikkje noko.
Kleda deira vart ikkje utslitne,
og føtene hovna ikkje opp.
22 # 4 Mos 21,21ff.33ff Du gav dei folk og kongerike
som du lét dei få som grenser.
Dei tok landet til Sihon, kongen i Hesjbon,
og landet til Og, kongen i Basan.
23 # 1 Mos 13,16+ Du gjorde borna deira talrike
som stjernene på himmelen.
Du førte dei inn i det landet
som du hadde sagt at fedrane
skulle koma og ta i eige.
24Så kom borna og tok landet i eige.
Du kua kanaanearane,
dei som budde i landet.
Og du gav kongane og folka i landet
i deira hender,
så dei kunne gjera med dei som dei ville.
25 # 5 Mos 6,10f Dei tok festningsbyar og fruktbar jord
og tok velfylte hus i eige,
utgravne brønnar og vinmarker,
olivenlundar og frukttre i mengd.
Dei åt og vart mette og feite
og naut dine gode gåver.
26 # 5 Mos 32,15f Men dei vart trassige
og sette seg opp mot deg;
dei kasta di lov bak sin rygg.
Dei drap profetane dine
som åtvara dei
og ville føra dei tilbake til deg.
Og dei spotta grovt.
27 # Dom 3,9.15; Sal 106,40ff Då gav du dei i hendene på motstandarar
som undertrykte dei.
Men i trengselstida
ropa dei til deg,
og du høyrde dei frå himmelen.
I di store miskunn
sende du utfriarar
som frelste dei frå fiendehand.
28Men så snart dei hadde fått ro,
gjorde dei igjen
det som vondt var i dine auge.
Du gav dei over i hendene på fiendar
som herska over dei.
Dei ropa igjen til deg,
og du høyrde det frå himmelen
og berga dei gong på gong
i di store miskunn.
29 # 3 Mos 18,5; 2 Kong 17,13ff; 2 Krøn 36,15ff; Esek 20,11 Du åtvara dei,
for du ville føra dei tilbake til di lov.
Men dei var hovmodige
og høyrde ikkje på boda dine.
Dei synda mot lovene dine,
dei som gjev mennesket liv
når det følgjer dei.
Dei vende ryggen til i trass;
dei var stivnakka og ville ikkje høyra.
30Du heldt ut med dei i mange år
og åtvara dei ved din Ande
gjennom profetane dine.
Men dei ville ikkje lytta,
så du gav dei i hendene
på folka omkring.
31 # Jer 30,11; Klag 3,22; Mal 3,6 Men i di store miskunn
gjorde du ikkje ende på dei,
og du forlét dei ikkje.
For du er ein mild og nådig Gud.
32Og no, vår Gud,
du store, mektige og skremmande Gud,
du som held pakta og gjer godt,
sjå det ikkje som noko lite,
desse harde tidene som har ramma oss,
våre kongar og leiarar,
våre prestar og profetar,
våre fedrar og heile folket,
frå assyrarkongane sine dagar
og til denne dag.
33 # Dan 9,7.14 Du var rettferdig
i alt som kom over oss.
For du har vist deg trufast,
men vi har gjort urett.
34 # Dan 9,6.8 Kongane og leiarane våre,
prestane og fedrane
handla ikkje etter di lov.
Dei akta ikkje på dine bod
og dei åtvaringane du gav dei.
35Sjølv om du gav dei
eit eige rike
og alle dine gode gåver,
sjølv om du gav dei
det vide, fruktbare landet,
så tente dei deg ikkje
og vende seg ikkje bort
frå vonde gjerningar.
36Sjå, i dag er vi slavar,
vi er slavar i landet du gav fedrane våre
så dei skulle eta fruktene
og alt det gode der.
37Den rike avlinga
går no til kongane
som du har sett over oss
på grunn av syndene våre.
Dei herskar som dei vil
over kroppane våre og buskapen vår.
Vi er i stor naud.
Folket vil leva etter lova
38På grunn av alt dette gjer vi ein avtale og skriv han ned. Det forsegla skrivet er underskrive av leiarane, levittane og prestane våre.

Currently Selected:

Nehemja 9: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy