YouVersion Logo
Search Icon

3. Mosebok 22

22
Heilage gåver og offer
1 Herren sa til Moses: 2Sei til Aron og sønene hans at dei skal vera varsame med dei heilage gåvene som israelittane vier til meg, så dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn. Eg er Herren. 3Du skal seia til dei: Dersom nokon av etterkomarane dykkar, i slekt etter slekt, kjem nær dei heilage gåvene som israelittane vier til Herren, medan han er urein, skal han støytast bort frå mitt andlet. Eg er Herren. 4Ingen av Arons etterkomarar som har hudsjukdom eller utflod, skal eta av dei heilage gåvene før han har vorte rein. Det skal heller ikkje den som kjem nær nokon som har vorte urein av lik, eller den det går sæd frå, 5eller den som kjem nær noko krypdyr som ein blir urein av, eller noko menneske som ein på eit eller anna vis blir urein av. 6Den som kjem nær noko slikt, er urein heilt til kvelds, og han skal ikkje eta av dei heilage gåvene før han har vaska heile kroppen sin i vatn. 7Når sola glader, er han rein. Sidan kan han eta av dei heilage gåvene, for det er maten hans. 8#11,39f; 17,15; Esek 44,31 Dyr som er sjølvdaude eller ihelrivne, skal han ikkje eta, for då blir han urein. Eg er Herren. 9Dei skal halda seg etter det som eg har fastsett, så dei ikkje påfører seg skuld og døyr fordi dei vanhelgar det som er heilagt. Eg er Herren, som helgar dei.
10Ingen uvigsla skal eta det som er heilagt. Den som held til hos presten eller er leigekar hos han, skal ikkje eta det som er heilagt. 11Men når ein prest kjøper ein slave som sin eigedom for pengar, då kan slaven eta av det heilage; dei som er fødde i huset hans, kan eta av maten hans. 12Når ei prestedotter gifter seg med ein uvigsla, må ho ikkje eta av dei heilage offergåvene. 13Men blir ho enkje eller fråskild og ikkje har born, og ho så kjem tilbake til farshuset sitt, då kan ho eta av maten hans som då ho var ung. Men ingen uvigsla må eta av den maten. 14#5,16 Når ein mann av vanvare et noko heilagt, skal han betala presten for det heilage og leggja til ein femtedel. 15Prestane skal ikkje vanhelga dei heilage gåvene som israelittane gjev til Herren, 16og føra synd og skuld over folket ved å la dei eta dei heilage gåvene. For eg er Herren, som helgar dei.
17 Herren sa til Moses: 18Tal til Aron og sønene hans og til alle israelittane og sei: Når ein israelitt eller ein av innflyttarane i Israel ber fram eit offer, anten det er eit lovnadsoffer eller eit frivillig offer dei ber fram for Herren som brennoffer, 19må det vera slik at de kan vinna velvilje: Det skal vera eit feilfritt hanndyr av storfeet, sauene eller geitene. 20#Kap. 1–7; 4 Mos 28–29; 5 Mos 15,21; 17,1; Mal 1,8f.13f Noko som har ein feil, må de ikkje ofra, for noko slikt vil ikkje gje dykk velvilje.
21Når nokon ber fram for Herren eit fredsoffer av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil oppfylla, eller det er eit frivillig offer, då må det vera eit feilfritt dyr om det skal vinna velvilje. Det må ikkje finnast feil på dyret. 22De må ikkje ofra til Herren eit dyr som er blindt eller har brote eit bein eller lid av byllar, skabb eller anna utslett. De skal ikkje leggja gåveoffer av slike dyr på altaret for Herren. 23Ein okse eller sau som har for lange eller for korte lemer, kan du ofra som frivillig offer, men som eit lovnadsoffer blir det ikkje teke imot med velvilje. 24Dyr som har fått testiklane klemde eller knuste, rivne eller skorne, skal de ikkje ofra til Herren. Slikt må de ikkje gjera i dykkar land. 25Heller ikkje skal de kjøpa slike dyr av utlendingar og bera dei fram som mat for dykkar Gud. Dei er skadde; det er ein feil på dei. De kan ikkje vinna velvilje ved dei.
26 Herren sa til Moses: 27#2 Mos 22,30 Når ein kalv eller eit lam eller eit kje kjem til, skal dei følgja mor si i sju dagar. Men frå den åttande dagen blir dei mottekne med velvilje som gåveoffer for Herren. 28De skal ikkje slakta storfeet og småfeet saman med ungane deira same dagen.
29Når de slaktar eit takkoffer for Herren, skal de ofra slik at de kan vinna velvilje. 30#7,15; 19,6 De skal eta det same dagen og ikkje la noko av det bli liggjande til morgonen etter. Eg er Herren.
31Så hald då boda mine og lev etter dei! Eg er Herren. 32Vanhelga ikkje mitt heilage namn, for eg skal haldast heilag mellom israelittane. Eg er Herren, som helgar dykk. 33Det var eg som førte dykk ut frå Egypt og vil vera dykkar Gud. Eg er Herren.

Currently Selected:

3. Mosebok 22: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy