YouVersion Logo
Search Icon

3. Mosebok 20

20
De skal vera heilage
1 Herren sa til Moses: 2#18,21+ Sei til israelittane: Er det nokon av israelittane eller av innflyttarane i Israel som gjev eit av borna sine til Molok, skal han døy. Folket i landet skal steina han. 3Eg vil venda meg mot den mannen og støyta han ut frå folket. For han har gjeve barnet sitt til Molok. Slik har han gjort heilagdomen min urein og vanhelga mitt heilage namn. 4Men dersom folket i landet skulle lata att auga for at mannen gjev barnet sitt til Molok, og dei ikkje drep han, 5då vil eg venda meg mot han og slekta hans. Eg vil støyta han ut frå folket, både han og alle dei som like eins driv hor og renner etter Molok.
6 # 19,31+ Den som vender seg til gjenferd og spådomsånder, driv hor og held seg til dei, vil eg venda meg mot og støyta ut frå folket.
7 # 11,44+ De skal helga dykk og vera heilage. For eg er Herren dykkar Gud. 8De skal halda forskriftene mine og leva etter dei! Eg er Herren, som helgar dykk.
Synd og straff
9 # 2 Mos 21,17; 5 Mos 27,16; Ordt 20,20 Når nokon forbannar far sin eller mor si, skal han døy. Han har forbanna far sin eller mor si. Hans blod kjem over han sjølv. 10#18,6–23 Ein mann som bryt ekteskapet med ei kvinne, ein som bryt ekteskapet med kona til nesten sin, skal døy. Det gjeld både mannen og kvinna som har brote ekteskapet.
11Ein som ligg med kona til far sin, avdekkjer nakenskapen til far sin. Dei skal begge døy. Deira eige blod kjem over dei. 12Når ein mann ligg med sonekona si, skal begge døy. Dei har gjort ei motbydeleg gjerning. Deira eige blod kjem over dei. 13Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har begge gjort noko avskyeleg. Dei skal døy. Deira eige blod kjem over dei. 14Ein mann som tek ei kvinne og mor hennar til kone, handlar skamlaust. Dei skal brennast, både han og dei. Slik skamløyse må ikkje finnast mellom dykk.
15Ein mann som har samleie med eit dyr, skal døy, og dyret skal de drepa. 16Ei kvinne som kjem nær eit dyr og parar seg med det, skal du drepa, dyret òg. Dei skal døy. Deira eige blod kjem over dei.
17Når ein mann gifter seg med syster si, dotter til far sin eller mor si, og dei ser kvarandre nakne, då er det ei skam. Dei skal støytast ut for auga på landsmennene sine. Han har kledd syster si naken. Han har ført skuld over seg.
18Når ein mann ligg med ei kvinne som har menstruasjon, kler han henne naken og blottar kjelda hennar, og ho har sjølv blotta blodkjelda si. Dei skal begge støytast ut frå folket sitt.
19Du skal ikkje kle syster til mor di eller far din naken. For det er å blotta ein nær slektning. Dei har ført skuld over seg. 20Ein mann som ligg med tanta si, avdekkjer nakenskapen til onkelen sin. Dei må bera synda si. Dei skal døy barnlause. 21Når ein mann gifter seg med kona til bror sin, er det ureinskap. Han har avdekt nakenskapen til bror sin. Dei skal bli barnlause.
22 # 18,28; 19,37 De skal halda alle forskriftene og lovene mine og leva etter dei! Då skal det ikkje spy dykk ut, det landet som eg vil føra dykk til og la dykk bu i. 23Følg ikkje forskriftene til dei folkeslaga som eg driv ut for dykk! Dei gjer alt dette, og eg avskyr dei. 24#2 Mos 3,8; 1 Kong 8,53 Men til dykk har eg sagt: De skal ta landet deira, og eg vil gje det til dykk for at de skal ta det i eige, eit land som fløymer med mjølk og honning. Eg er Herren dykkar Gud, som har skilt dykk ut frå folka. 25#11,2ff De skal skilja mellom reine og ureine dyr og mellom ureine og reine fuglar, og ikkje gjera dykk sjølve motbydelege med å eta dei dyra eller fuglane eller krypdyra som eg har skilt ut som ureine for dykk. 26#2 Mos 19,5; 3 Mos 11,44f De skal vera heilage for meg, for eg, Herren, er heilag, og eg har skilt dykk ut frå folka for at de skal høyra meg til.
27 # 19,31 Når ein mann eller ei kvinne har eit gjenferd eller ei spådomsånd i seg, skal dei døy. Dei skal steinast. Deira eige blod kjem over dei.

Currently Selected:

3. Mosebok 20: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy