YouVersion Logo
Search Icon

Dommarane 5

5
Debora-songen
1Den dagen song Debora og Barak, son til Abinoam, denne songen:
2 # Sal 110,3 Når Israels fremste går føre
og folket villig møter fram,
lovpris Herren!
3 # 2 Mos 15,1.20f; 4 Mos 23,18; 5 Mos 32,1 Høyr, de kongar!
Lytt, de fyrstar!
Eg vil syngja, syngja for Herren,
spela for Herren, Israels Gud.
4 # 5 Mos 33,2+ Herre, då du drog ut frå Se'ir
og steig fram frå markene i Edom,
då riste jorda, dropar fall frå himmelen,
vassdropar fall frå skyene.
5 # 2 Mos 19,16 Fjella smelta for Herren, han frå Sinai,
for Herren, Israels Gud.
6 # 3,31; Jes 33,8 I Anat-sonen Sjamgars dagar,
i Jaels dagar, låg vegane aude.
Dei som var på reise,
gjekk på krokete stigar.
7Landsbyane låg aude i Israel,
dei låg aude,
før eg, Debora, stod fram,
stod fram som ei mor i Israel.
8Gud valde ut nye leiarar,
då var det strid i portane,
men skjold eller spyd var ikkje å sjå
blant dei førti tusen i Israel.
9Hjartet mitt slår for Israels herskarar,
for folket som villig møtte fram.
Lovpris Herren!
10De som rid på blakke eselhopper,
de som sit på teppe,
de som vandrar langs vegen:
Syng!
11Dei overdøyver lyden av dei som hentar vatn
når dei fortel ved vatningsstadene
om Herrens rettferdige gjerningar,
hans rettferdsgjerningar mot landsbyfolket i Israel.
Då drog Herrens folk
ned til portane.
12Vakna, vakna, Debora!
Vakna, vakna, ber fram ein song!
Reis deg, Barak,
fang dine fiendar, Abinoams son!
13Då drog dei ned, dei som var att av dei mektige,
Herrens folk drog med meg mot krigarane.
14Frå Efraim kom dei som hadde røter i Amalek.
Etter deg, Benjamin, kjem dei med sine folk.
Frå Makir drog herskarane ned,
frå Sebulon menn med hærførarstav,
15Jissakars hovdingar saman med Debora,
Jissakar kom, Barak var med,
i dalen følgde dei han hakk i hæl.
I Rubens avdelingar rådslo dei lenge.
16Kvifor sat du mellom kløvkorgene
og lytta til fløytetonar frå gjetarane?
I Rubens avdelingar rådslo dei lenge.
17Gilead heldt seg i ro
på den andre sida av Jordan.
Kvifor drygde Dan ved skipa?
Asjer, som budde ved havsens strand,
heldt seg i ro i vikane der.
18Sebulons folk viste dødsforakt,
også Naftali,
på dei opne høgdene.
19Kongar kom og kjempa,
då kjempa dei, Kanaans kongar,
i Taanak ved Megiddos vatn,
men dei tok ikkje sølv som bytte.
20 # Jos 10,14 Frå himmelen kjempa stjernene,
frå sine banar kjempa dei mot Sisera.
21 # 4,7.13 Kisjon-elva reiv dei bort,
den eldgamle elva, Kisjon-elva.
Gå fram, mi sjel, med kraft!
22Då hamra det av hestehovar,
av hingstar i galopp, i galopp!
23 # 5,23 Meros by i Naftali. «Forbann Meros!» sa Herrens engel.
«Forbann, forbann dei som bur der!
For dei kom ikkje Herren til hjelp,
dei kom ikkje Herren til hjelp mot krigarane!»
24 # 4,17ff Velsigna blant kvinner er Jael,
kona til kenitten Heber,
velsigna blant kvinner som bur i telt.
25Han bad om vatn,
ho gav han mjølk.
Ho kom med rømme i ei praktfull skål.
26Ho strekte ut handa etter teltpluggen,
høgre handa mot hammaren til handverkaren.
Ho slo til Sisera så skallen vart kløyvd,
dreiv pluggen igjennom og knuste tinningen.
27Mellom føtene hennar seig han i kne,
han stupte og vart liggjande.
Mellom føtene hennar seig han i kne,
han stupte.
Der seig han i kne, stupte og var knust.
28Gjennom vindauget kikka ho ned,
mor til Sisera ropa gjennom gitteret:
«Kvifor kjem ikkje vogna hans,
kvifor dryger hovslaga frå stridsvognene?»
29Dei klokaste hoffdamene svara henne,
og sjølv gav ho svar på sine eigne ord:
30«Dei deler nok rovet dei har teke!
Ei jente eller to til kvar mann,
rov av fargerikt tøy til Sisera,
rov av fargerikt tøy,
eit handbrodert klede eller to
om halsen på den som røva.»
31 # Dom 3,21+; 2 Sam 23,3f; Sal 37,20; 68,2; Dan 12,3 Slik skal dei gå til grunne,
alle dine fiendar, Herre.
Men dei som elskar deg,
skal vera som sola
når ho renn i all si prakt.
Sidan hadde landet fred i førti år.

Currently Selected:

Dommarane 5: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy