YouVersion Logo
Search Icon

Dommarane 19

19
Ugjerninga i Gibea
1 # 17,6+ I dei dagane då det ikkje fanst nokon konge i Israel, var det ein mann, ein levitt, som heldt til lengst inne på Efraim-fjella. Han tok seg ei følgjekone frå Betlehem i Juda. 2Men kona var utru mot han og drog ifrå han og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Då ho hadde vore der i om lag fire månader, 3tok mannen ut og kom etter henne. Han ville tala venleg til henne og få henne til å koma att. Han hadde med seg tenesteguten sin og eit par esel. Ho leidde han inn i huset til far sin, og då far til jenta såg han, vart han glad og tok imot han med glede. 4Svigerfar hans, far til jenta, heldt på han, så han vart verande der i tre dagar. Dei åt og drakk, og dei fekk vera der om natta. 5Tidleg om morgonen fjerde dagen gjorde mannen seg ferdig og ville ta i veg. Men far til jenta sa til svigerson sin: «Få deg først litt mat til å styrkja deg på, så kan de fara.» 6Så sette dei seg ned begge to og åt og drakk i lag. Far til jenta sa til mannen: «Gjer vel og ver til i morgon og hygg deg her!» 7Og då mannen reiste seg og ville gå, nøydde svigerfaren han, så han gav seg og vart der om natta.
8Morgonen etter, den femte dagen, var han tidleg oppe og ville fara av stad. Då sa far til kona: «Få deg no først litt å styrkja deg på, og vent så til det lid på dagen!» Så åt dei saman, dei to. 9Då mannen gjorde seg klar til å gå, saman med følgjekona si og tenesteguten, sa svigerfar hans, far til jenta: «No lid det alt til kvelds, ver her i natt! Sjå, dagen hallar, ver her og hygg deg! I morgon tidleg kan de ta i veg, så du kjem heim att.» 10#Jos 15,8; 18,16; Dom 1,21 Men mannen ville ikkje gje seg til der om natta. Han gjorde seg ferdig og tok ut og gjekk til han kom midt for Jebus, det er Jerusalem. Han hadde med seg eit par esel med kløv, og følgjekona var med han.
11Då dei kom bort imot Jebus, var det langt på dag, og tenesteguten sa til herren sin: «Kom, lat oss ta inn i denne jebusittbyen og vera der om natta!» 12#Hos 9,9; 10,9#19,12 framande Først då David vart konge, tok israelittane jebusittbyen. Jf. 2 Sam 5,6ff. Men herren svara: «Nei, vi vil ikkje ta inn i ein by der det berre bur framande og ikkje israelittar. Vi vil halda fram til Gibea.» 13Så sa han til tenesteguten: «Kom, lat oss gå til Gibea eller Rama og få oss hus i ein av dei byane.» 14Så heldt dei fram, og då sola gjekk ned, var dei tett ved Gibea, som høyrer til Benjamin. 15Der tok dei av vegen og gjekk inn i Gibea og ville få seg hus for natta. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget, for det var ingen som baud dei hus.
16Utpå kvelden kom det ein gammal mann heim frå arbeidet sitt ute på marka. Han var frå Efraim-fjella, men budde i Gibea. Elles var folket der på staden benjaminittar. 17Då den gamle mannen såg opp, fekk han auge på ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar skal du, og kvar kjem du frå?» 18Han svara: «Vi kjem frå Betlehem i Juda og skal langt bort på Efraim-fjella, der eg er ifrå. Eg har vore i Betlehem i Juda og er no på veg til Herrens hus. Men her er det ingen som vil gje meg husrom, 19endå vi både har halm og fôr til esla våre og brød og vin til meg sjølv og tenestekvinna di, og til tenesteguten som tenaren din har med seg. Vi manglar ingen ting.» 20Då sa den gamle mannen: «Fred vere med deg! Lat berre meg sørgja for alt det du treng! På torget må du ikkje vera i natt.» 21#1 Mos 18,4; 19,2; 24,32 Så følgde han mannen inn i huset sitt og fann fram fôr til esla hans. Då dei hadde vaska føtene, fekk dei mat og drikke.
22 # 1 Mos 19,4f # 19,22 få viljen vår med han Det blir sikta til tvungen seksuell omgang. Jf. 1 Mos 19,5; 3 Mos 18,22; 20,13; Dom 19,22ff; Rom 1,27. Medan dei sat og hygde seg, kom nokre av mennene i byen, gudlause folk som dei var, og omringa huset. Dei dundra på døra og ropa til den gamle mannen som eigde huset: «Send ut den mannen som har teke inn hos deg, så vi kan få viljen vår med han!» 23Då gjekk huseigaren ut til dei og sa: «Nei, brør, gjer ikkje noko vondt! Sidan denne mannen no er komen inn i huset mitt, må de ikkje gjera så stygg ei gjerning! 24Sjå, her er dotter mi, som er jomfru, og følgjekona hans; dei skal eg senda ut til dykk. Så kan de ta dei og gjera med dei som de lystar. De må ikkje fara så stygt med denne mannen.» 25Men mennene ville ikkje høyra på han. Då tok mannen følgjekona si og leidde henne ut til dei, og dei låg med henne og forgreip seg på henne heile natta. Dei sleppte henne ikkje før det leid til morgons og tok til å lysna.
26I dagrenninga kom kvinna, og ho seig saman framfor døra til det huset der husbonden hennar var. Der vart ho liggjande til det var lyst. 27Om morgonen stod husbonden hennar opp og opna husdøra. Han gjekk ut og ville fara sin veg. Sjå, då låg følgjekona hans framfor husdøra med hendene på dørstokken. 28Han sa til henne: «Reis deg opp og lat oss fara i veg!» Men han fekk ikkje svar. Då lyfte han henne opp på eselet, tok ut og drog til heimstaden sin.
29 # 1 Sam 11,7 Då han kom heim, fann han fram ein kniv. Så tok han følgjekona si og skar kroppen hennar opp i tolv stykke. Dei sende han ut til heile Israels-landet. 30Alle som såg det, sa: «Slikt har aldri hendt og aldri vore spurt frå den dagen israelittane drog opp frå Egypt og til no. Tenk etter, legg råd og sei kva de meiner!»

Currently Selected:

Dommarane 19: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy