YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 43

43
Israel blir utløyst
1 # 1 Mos 26,24; Jes 41,14; 44,2; 45,3; Jer 30,10 Og no, så seier Herren,
som skapte deg, Jakob,
som forma deg, Israel:
Ver ikkje redd!
For eg har løyst deg ut,
eg har kalla deg ved namn, du er min.
2 # Sal 66,12; Dan 3,13ff; Mark 16,18; 1 Kor 3,15 Går du gjennom vatn, er eg med deg,
gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg.
Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg,
og logen skal ikkje brenna deg.
3 # 43,3 Kusj >18,1. Seba Kanskje det same som Saba. Jf. 1 Kong 10,1; Sal 72,10; Jes 45,14. For eg er Herren din Gud,
Israels Heilage, som frelser deg.
Eg gjev Egypt som løysepenge for deg,
Kusj og Seba i staden for deg.
4Fordi du er dyrebar i mine auge,
høgt akta og eg elskar deg,
gjev eg menneske i staden for deg
og folkeslag for ditt liv.
5 # 41,10; Jer 46,27f Ver ikkje redd, for eg er med deg!
Frå aust vil eg henta ætta di,
og frå vest vil eg samla deg.
6 # 49,12; 60,4; Sef 3,10 Eg seier til nord: «Gjev frå deg!»
og til sør: «Hald ikkje tilbake!»
Hent sønene mine frå det fjerne,
døtrene frå enden av jorda,
7alle som er kalla med mitt namn,
dei eg har skapt til mi ære,
forma og laga.
Herren åleine er Gud og frelsar
8 # 6,9f; 42,18ff Før fram folket som er blindt
endå det har auge,
dei som er døve
endå dei har øyre.
9 # 41,1ff.26; 45,21 Alle folkeslag kjem saman,
folka samlar seg.
Kan nokon av dei fortelja
så vi får høyra om dei første ting?
Lat dei føra fram vitne så dei kan få rett!
Lat dei høyra på og seia: «Det er sant!»
10 # 5 Mos 32,39; Jes 44,6.8; 45,5.14 De er mine vitne, seier Herren,
og min tenar, som eg har valt ut,
for at de skal kjenna meg og tru på meg
og skjøna at eg er Han.
Før meg har ingen gud vorte forma,
og etter meg skal ingen koma.
11 # Hos 13,4 Eg, eg er Herren,
det finst ingen annan frelsar enn eg.
12Det er eg som har fortalt
og frelst og gjort det kjent,
det finst ingen framand hos dykk.
De er mine vitne, seier Herren.
Eg er Gud,
13 # Jes 14,27; Joh 10,28 heilt frå dag vart til,
eg er Han.
Ingen kan riva ut av mi hand;
det eg gjer, kan ingen gjera ugjort.
Babel fell
14 # 41,14; 47,4 Så seier Herren,
han som løyser dykk ut,
Israels Heilage:
For dykkar skuld sender eg bod til Babel
og bryt ned alle bommane.
Jubelen frå kaldearane blir til klageskrik.
15 # 6,3; 41,21 Eg er Herren, dykkar Heilage,
Israels skapar, dykkar konge.
Noko nytt spirer fram
16 # 2 Mos 14,21ff; Jes 51,10 Så seier Herren,
han som gjorde veg gjennom sjøen,
ein stig i det veldige vatnet,
17som førte vogner og hestar,
hær og hovdingar uti.
Der vart dei liggjande og reiste seg aldri,
dei slokna som når ein veike blir sløkt.
18De skal ikkje minnast dei første ting,
ikkje tenkja på det som hende før.
19 # 41,18 Sjå, eg gjer noko nytt.
No spirer det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i ørkenen,
elvar i øydemarka.
20 # 2 Mos 17,1ff; 19,5ff Ville dyr skal æra meg,
sjakalar og strutsar.
For eg gjev vatn i ørkenen
og elvar i øydemarka
så mitt utvalde folk kan få drikka.
21Mitt folk, som eg har forma,
skal forkynna min pris.
22Men meg har du ikkje kalla på, Jakob,
du har ikkje slite deg ut for meg, Israel.
23Du kom ikkje til meg med brennofferlam
og æra meg ikkje med slaktoffer.
Eg plaga deg ikkje med grødeoffer
og sleit deg ikkje ut med røykjelse.
24Du kjøpte ikkje krydder til meg for sølv
og metta meg ikkje med offerfeitt.
Du plaga meg berre med syndene dine
og sleit meg ut med ugjerningane dine.
25 # Jes 44,22; Jer 31,34; Mi 7,18ff; Hebr 8,12 Eg, eg er den som utslettar
dine brot for mi skuld,
og syndene dine minnest eg ikkje.
26Minn meg på det,
lat oss gå til domstolen saman!
Tal di sak så du kan få rett!
27Stamfar din synda,
talsmennene dine sette seg opp imot meg.
28 # 43,28 overgav Jakob til bann =bann. Difor vanhelga eg
fyrstane for heilagdomen,
eg overgav Jakob til bann
og Israel til hån.

Currently Selected:

Jesaja 43: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy