YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 35

35
Den heilage vegen
1Ørken og tørt land skal gleda seg,
øydemarka skal jubla og bløma,
som lilja 2#Høgs 2,1; Jes 60,13; 65,10; Jer 50,19 skal ho bløma
og jubla, ja, ropa av fryd.
Libanons herlegdom har ho fått,
Karmels og Sarons glans.
Dei skal få sjå
Herrens herlegdom,
glansen frå vår Gud.
3 # Sak 8,9.13; Hebr 12,12ff Styrk dei slappe hender,
gjer dei ustøe knea sterke!
4 # 34,8; 40,1.9f; Hos 1,7; Sak 9,9.16; Rom 12,19 Sei til dei urolege hjarta:
Ver sterke, ikkje redde!
Sjå, dykkar Gud!
Han kjem med hemn,
med gjengjeld frå Gud.
Sjølv kjem han og frelser dykk.
5 # 29,18f; Matt 11,5; 15,30; Mark 7,32.37 Då skal blinde auge opnast
og dauve øyre latast opp.
6Då skal den lamme springa som ein hjort,
og tunga til den stumme skal jubla.
For vatn bryt fram i ørkenen
og bekker i øydemarka.
7Glødande sand blir til innsjø,
det tørste land til kjelder med vatn.
Sjakalars buplass blir ein kvilestad
der graset gror mellom røyr og siv.
8 # 43,19; Joh 14,6 Og der skal det vera ein veg,
Den heilage vegen skal han kallast.
På den skal ingen urein ferdast.
Han skal vera der for dei.
Ingen som går på vegen,
sjølv ikkje dårar, skal gå seg vill.
9Men der skal det ikkje vera noka løve,
rovdyr skal ikkje gå på han,
dei skal ikkje finnast meir.
Men dei som er løyste ut, skal gå der,
10 # 51,11; 62,12; 65,18; Joh 16,22; Op 21,4 dei som Herren har fria ut,
skal venda attende.
Dei kjem til Sion med jubel,
med evig glede om si panne.
Fryd og glede grip dei,
sorg og sukk må flykta.

Currently Selected:

Jesaja 35: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy