YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 18

18
Kusj
1 # 18,1 Kusj stormakt sør for Egypt som styrte over Egypt ca. 760–656 f.Kr. Jf. 1 Mos 2,13; Jes 11,11; 20,3ff; Jer 13,23; 38,7ff. Ve det landet der venger svirrar,
bortanfor elvane i Kusj,
2 # 2 Kong 21,13; Jes 18,7; 20,3; Jer 13,23; Esek 30,9 landet som sender bodberarar over havet
i sivbåtar på vatnet.
Dra, de raske sendebod,
til det høgvaksne og glinsande folket,
eit folkeslag dei fryktar vidt ikring,
eit folk i rekkje på rekkje som trampar andre ned,
i eit land gjennomskore av elvar.
3 # 5,26; Jer 4,5; Joel 2,1 Alle de som bur i verda,
de som held til på jorda,
sjå opp når dei lyfter banneret på fjell,
og lytt når dei blæs i horn!
4 # Sal 76,3; Jes 8,18; 11,12 For så seier Herren til meg:
Frå min bustad vil eg sjå på og halda meg i ro
lik heten som dirrar i lyset,
lik tåkedis i heten om hausten.
5 # 5,1ff; 17,14 For før hausten,
når bløminga er slutt
og blomane blir til kart,
skjer han av skota med kniv,
fjernar vinranker, kastar dei frå seg.
6 # Esek 29,5; 32,4; 39,4 Alt skal overlatast
til rovfugl i fjellet og villdyr på marka.
Rovfugl er over dei om sommaren,
alle villdyr om vinteren.
7 # Sal 68,32; 87,4; Jes 11,10ff; 27,13; 66,18ff På den tid
skal dei koma med gåver til Herren over hærskarane
frå det høgvaksne og glinsande folket,
eit folkeslag dei fryktar vidt ikring,
eit folk i rekkje på rekkje som trampar andre ned,
i eit land gjennomskore av elvar,
til staden der namnet åt Herren over hærskarane bur,
til Sion-fjellet.

Currently Selected:

Jesaja 18: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy