YouVersion Logo
Search Icon

Esra 5

5
Tempelet blir gjenreist
1 # Hag 1,1; Sak 1,1 Profeten Haggai og profeten Sakarja, son til Iddo, tala til judearane i Juda og Jerusalem; i namnet til Israels Gud tala dei til dei. 2Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar var med og støtta dei. 3Straks kom Tattenai, statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira til dei og sa: «Kven har gjeve dykk ordre om å byggja dette huset og gjera treverket ferdig?» 4#5,4 vi mennene som er nemnde i v. 3, jf. v. 10. Vidare spurde vi dei: «Kva heiter mennene som set opp denne bygningen?»
5 # Sal 33,18 Men Guds auge kvilte på dei eldste mellom judearane. Ingen hindra dei i arbeidet, men ein sende ei melding til Dareios og venta på svarbrev om saka.
6Dette er ei avskrift av brevet som Tattenai, statthaldaren i provinsen Bortanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne hans, embetsmennene i provinsen, sende til kong Dareios. 7Slik stod det skrive i meldinga:
«Til kong Dareios: All fred!
8Kongen skal vita at vi har gjort ei reise til provinsen Juda, til den store Guds hus. Det blir no bygd opp att av tilhoggen stein, og veggene blir kledde med tre. Arbeidet blir utført med flid og har god framgang. 9Vi spurde dei eldste: ‘Kven har gjeve dykk ordre om å byggja dette huset og gjera treverket ferdig?’ 10Vi spurde dei òg kva dei heitte, så vi kunne skriva ned namna på leiarane og la deg få vita det. 11Dette var svaret dei gav oss: ‘Vi er tenarar for han som er Gud i himmelen og på jorda, og vi byggjer opp att det huset som vart reist her ein gong for mange år sidan. Det var ein stor konge i Israel som bygde og fullførte det. 12#2 Kong 25,8ff Men fedrane våre gjorde himmelens Gud harm. Difor gav han dei i hendene på kaldearen Nebukadnesar, kongen i Babel. Han øydela dette huset og førte folket i eksil til Babel. 13#1,1ff Men i det første året Kyros var konge i Babel, gav han ordre om at Guds hus skulle byggjast opp att. 14Gullkara og sølvkara som hadde høyrt Guds hus til, dei som Nebukadnesar hadde teke ut av tempelet i Jerusalem og ført til tempelet i Babel, dei tok kong Kyros ut av tempelet i Babel. Han gav dei til ein mann som heitte Sjesjbassar, som han hadde sett til statthaldar, 15og sa til han: Ta dette utstyret, far av stad og set det i tempelet i Jerusalem! Guds hus skal byggjast opp att på same staden som før. 16#5,16 la grunnvollen >3,8. Så kom denne Sjesjbassar og la grunnvollen til tempelet i Jerusalem. Frå den tida og til i dag har dei bygd på det, men enno er det ikkje ferdig.’
17Og no, om kongen vil, så lat det bli granska i dei kongelege skattkammera der borte i Babel om kong Kyros har gjeve ordre om å byggja Guds hus i Jerusalem. Lat oss så få vita kva som er kongens vilje i denne saka.»

Currently Selected:

Esra 5: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy