YouVersion Logo
Search Icon

Ester 6

6
Mordekai får stor ære
1Den natta fekk ikkje kongen sova. Han bad dei henta krønika over minneverdige hendingar, og dei las høgt for kongen. 2#2,21ff Dei fann at det stod skrive korleis Mordekai hadde fortalt om dørvaktarane Bigtana og Teresj, to av evnukkane til kongen, som hadde leita etter eit høve til å leggja hand på kong Xerxes. 3Då spurde kongen: «Kva heider og ære har Mordekai fått for dette?» Dei unge mennene som tente kongen, svara: «Det er ikkje gjort noko for han.» 4#5,14 Så sa kongen: «Kven står ute i slottsgarden?» Haman hadde nettopp kome inn i den ytre slottsgarden for å be kongen om at Mordekai måtte bli hengd på pålen som han hadde reist for han. 5No svara kongens unge menn: «Sjå, det er Haman som står ute i slottsgarden.» Kongen sa: «Lat han koma inn!»
6Haman kom inn, og kongen spurde han: «Kva kan ein gjera for ein mann som kongen ønskjer å heidra?» Haman tenkte med seg sjølv: «Kven andre enn meg skulle kongen ønskja å heidra?» 7Så sa Haman til kongen: «Den mannen som kongen ønskjer å heidra, 8skal ein gje kongelege klede som kongen sjølv har bore, og ein hest som kongen sjølv har ride på, og som har fått ei kongeleg krone på hovudet. 9Lat ein av kongens fremste stormenn ta hand om kleda og hesten. Dei skal ta kleda på den mannen som kongen ønskjer å heidra, og la han ri på hesten over torget i byen medan dei ropar framfor han: Slik gjer ein med den som kongen ønskjer å heidra!»
10Kongen sa til Haman: «Skund deg, ta kleda og hesten, slik som du sa, og gjer dette med jøden Mordekai som sit i slottsporten! Gløym ikkje noko av alt det du har sagt.» 11Så tok Haman kleda og hesten, kledde Mordekai og lét han ri over torget i byen medan han ropa framfor han: «Slik gjer ein med den som kongen ønskjer å heidra!» 12#6,12 tildekt hovud teikn på sorg og skam. Jf. 2 Sam 15,30. Så vende Mordekai attende til slottsporten, og Haman skunda seg heim, i sorg og med tildekt hovud. 13Haman fortalde kona si, Seresj, og alle venene sine alt som hadde hendt. Då sa vismennene og kona hans, Seresj, til han: «Er han av jødisk ætt, denne Mordekai som no held på å få deg i kne, så kjem du ingen veg med han. Han kjem til å bli ditt fall.»
14 # 5,8 Medan dei enno snakka med han, kom kongens evnukkar. Dei førte straks Haman til festen som Ester heldt.

Currently Selected:

Ester 6: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy