YouVersion Logo
Search Icon

Efesarane 5

5
1 # Matt 5,45.48 Ja, likna Gud, de som er hans kjære born. 2#2 Mos 29,18; Sal 40,7; Joh 13,34; Hebr 10,10#5,2 elska oss Mange tidlege handskrifter har «elska dykk». Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, ein velluktande ange for Gud.
3 # Matt 15,19; Rom 1,29ff; 13,13; 1 Kor 5,10f; 6,9f; 2 Kor 12,20; Gal 5,19ff; Kol 3,5ff; 1 Tim 1,9f; 2 Tim 3,2ff Hor, alle slag ureinskap og eigesjuke må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje mellom dei heilage. 4#4,29 Rå ord, tåpeleg tale og grovt snakk er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk! 5#1 Kor 6,9f; Kol 3,5 For det skal de vita at ingen som driv hor, lever eit ureint liv eller er eigesjuk, har arverett til Kristi og Guds rike, for dette er avgudsdyrking. 6#Kol 2,4.8 Lat ingen narra dykk med tomme ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7Gjer ikkje felles sak med slike!
Born av lyset
8 # Matt 5,14; Luk 16,8; Kol 1,13; 1 Tess 5,4ff; 1 Pet 2,9 Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de lys. Så lev som born av lyset! 9#Gal 5,22 For fruktene av lyset viser seg i alt som er godt, i rettferd og i sanning. 10#Rom 12,2 Prøv då kva som er til glede for Herren! 11#Rom 13,12 Ta ikkje del i dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei ber inga frukt; avslør dei heller. 12Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna. 13#Joh 3,20f Men alt kjem for dagen når lyset får avsløra det, 14#Jes 26,19; 60,1 og alt som kjem for dagen, er lys. Difor heiter det:
Vakna, du som søv,
stå opp frå dei døde,
og Kristus skal lysa for deg.
15Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske, 16#Am 5,13; Kol 4,5 så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde. 17#Rom 12,2 Ver ikkje uforstandige, men forstå kva som er Herrens vilje. 18#Ordt 23,31; Luk 21,34 Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden 19#Sal 33,2f; Kol 3,16f og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren! 20#1 Tess 5,18 Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.
Heim og familie
21 # 1 Pet 5,5 # 5,21 i ærefrykt for Kristus Nokre handskrifter har «i ærefrykt for Gud». Ver underordna kvarandre i ærefrykt for Kristus, 22#5,22–6,9 =hustavle som skildrar dei rette tilhøva mellom medlemene av ein storfamilie, «huset». Jf. Kol 3,18–4,1; 1 Pet 2,18–3,7.#1 Kor 14,34+ de kvinner under dykkar ektemenn som under Herren sjølv. 23#1 Kor 11,3; Ef 4,15f For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for kroppen sin. 24Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.
25 # Joh 3,29+; Kol 3,19; 1 Pet 3,7 Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, 26#Joh 3,5; Apg 22,16; 1 Kor 6,11; Tit 3,5 så han kunne gjera henne heilag og reinsa henne med badet i vatn, i kraft av eit ord. 27#Kol 1,22 På den måten ville han stilla henne fram for seg i herlegdom utan den minste flekk eller rynke. Heilag og lytefri skulle ho vera. 28På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen kropp. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. 29Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, nei, ein gjev kroppen næring og tek seg av han slik Kristus gjer med kyrkja. 30#Rom 12,5; 1 Kor 6,15; 12,27#5,30 lemer på hans kropp Ei rekkje gamle manuskript og omsetjingar legg til «av hans kjøt og av hans bein». Jf. 1 Mos 2,21–23. For vi er lemer på hans kropp. 31#1 Mos 2,24; Matt 19,5Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. 32Dette er eit stort mysterium; eg tenkjer på Kristus og kyrkja. 33Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin.

Currently Selected:

Efesarane 5: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy