YouVersion Logo
Search Icon

5. Mosebok 3

3
Sigeren over kong Og
1 # 4 Mos 21,33–35; 5 Mos 29,7 Så snudde vi og drog oppover vegen mot Basan. Kongen i Basan, Og, tok ut med heile hæren sin for å møta oss til strid ved Edre'i. 2Men Herren sa til meg: «Ver ikkje redd han! Eg gjev både han og heile hæren hans og landet hans i dine hender. Du skal gjera med han som du gjorde med amorittkongen Sihon, som styrte i Hesjbon.» 3Så overgav Herren vår Gud Og, kongen i Basan, og heile hæren hans i våre hender. Vi slo han og lét ingen overleva. 4Den gongen tok vi alle byane hans; det fanst ikkje nokon by som vi ikkje tok frå dei. Seksti byar var det, heile Argob-landet, riket til Og i Basan. 5Alle byane var festningsbyar med høge murar og med portar og bommar. Dessutan tok vi ei mengd med landsbyar. 6#2,34–36 Vi slo byane med bann og utsletta dei, slik vi hadde gjort med Sihon, kongen i Hesjbon. Kvar einaste by utsletta vi, både menn, kvinner og born. 7Men all buskapen og hærfanget frå byane tok vi med oss.
8Såleis tok vi den gongen landet frå dei to amorittkongane austafor Jordan, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet. 9Det er det fjellet som folket i Sidon kallar Sirjon og amorittane Senir. 10Vi tok alle byane på sletta, heile Gilead og heile Basan, med Salka og Edre'i, to byar i riket til Og i Basan. 11#1 Mos 14,5; Jos 13,12#3,11 Rabba hovudstaden til ammonittane, i dag Amman. ni alner, fire alner ca. 4,5 m og 2 m. Kong Og i Basan var den einaste av refaittane som var att. Senga hans står enno hos ammonittane i Rabba. Ho er av jern og er ni alner lang og fire alner brei etter vanleg alnemål.
Austjordanlandet blir delt mellom stammane
12 # 4 Mos 32,33–37; 5 Mos 29,8 Den gongen då vi tok dette landet, gav eg området frå Aroer ved Arnon-elva og halvparten av fjellandet i Gilead med byane der til rubenittane og gadittane. 13Resten av Gilead og heile Basan, riket til Og, gav eg til den eine halvparten av Manasse-stammen. Heile Argob-området og heile Basan vart kalla refaittlandet. 14#4 Mos 32,40f Ja'ir, son til Manasse, tok heile Argob-området, heilt til grensa mot gesjurittane og maakatittane. Han gav Basan namn etter seg sjølv og kalla det Ja'irs teltbyar, og så heiter det den dag i dag. 15Eg gav Gilead til Makir. 16Til rubenittane og gadittane gav eg landet frå Gilead til Arnon-elva, slik at grensa gjekk midt i elva, og til Jabbok-elva, som er grense mot ammonittane; 17#Jos 12,2f#3,17 Kinneret-sjøen Gennesaretsjøen. Araba-sjøen Daudehavet. dessutan Araba-sletta med Jordan som grense frå Kinneret-sjøen til Araba-sjøen, det vil seia Saltsjøen, ved foten av Pisga-liene i aust.
18 # 4 Mos 32,17 Den gongen gav eg dykk dette påbodet: «Herren dykkar Gud har gjeve dykk dette landet i eige. Krigarar! Væpna til strid skal de alle kryssa elva føre brørne dykkar, israelittane. 19Berre kvinner og born og husdyr – for eg veit at de har mykje fe – skal vera att i dei byane eg har gjeve dykk. 20Først når Herren har late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei òg har teke det landet som Herren dykkar Gud vil gje dei på den andre sida av Jordan, kan de fara heim att, kvar til sin eigedom som eg har gjeve dykk.»
21Samstundes gav eg Josva dette påbodet: «Med eigne auge har du sett alt det som Herren dykkar Gud har gjort med desse to kongane. Det same vil Herren gjera med alle dei kongerika du skal gå igjennom. 22#1,29–31; Jos 10,14.42 Ver ikkje redd dei! For Herren dykkar Gud vil sjølv slåst for dykk.»
Moses får ikkje koma inn i landet
23 # 4 Mos 27,12–23 Den gongen bad eg inderleg til Herren: 24#Sal 86,8; 89,7 «Herre vår Gud, du har byrja å syna ditt velde og di sterke hand for tenaren din. Kvar finst det ein gud i himmelen eller på jorda som kan gjera slike gjerningar og storverk som du? 25Lat meg få koma over og sjå det gode landet på den andre sida av Jordan, dette fagre fjellandet og Libanon.» 26#4 Mos 20,12; 27,14; 5 Mos 1,37 Men for dykkar skuld vart Herren harm på meg og ville ikkje høyra på meg. Herren sa til meg: «Det er nok. Snakk ikkje meir til meg om dette! 27#31,2 Gå opp på toppen av Pisga-fjellet og vend auga dine mot vest og nord og sør og aust. Sjå deg omkring! For du skal aldri koma over Jordan. 28#31,7; Jos 1,6 Gjev oppdraget til Josva og gjer han modig og sterk! For det er han som skal føra dette folket over Jordan. Det landet du no ser, skal han gje dei til eige.» 29Så slo vi oss til der i dalen, midt imot Bet-Peor.

Currently Selected:

5. Mosebok 3: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy