YouVersion Logo
Search Icon

Amos 4

4
Mot dei rike kvinnene i Samaria
1 # Jes 3,16ff # 4,1 Basan-kyr Basan, nordaust for Gennesaretsjøen, var kjend for sine gode beite. Høyr dette ordet,
de Basan-kyr på Samaria-fjellet,
de som undertrykkjer småkårsfolk
og knuser fattige,
de som seier til mennene dykkar:
«Hent noko å drikka!»
2Herren Gud har svore ved sin heilagdom:
Sjå, dagar skal koma over dykk
då de skal slepast bort med hakar
og dei siste av dykk med fiskekrokar.
3Gjennom rivner i murane skal de gå ut,
kvinne etter kvinne.
De skal drivast bort til Hermon,
seier Herren.
Bu deg på å møta din Gud
4 # 4,4 Betel >3,14. Gilgal by i Jordan-dalen, eit viktig religiøst og politisk sentrum. >Jos 4,19. Far til Betel og synd,
til Gilgal og synd til gagns!
Kom med slaktoffer om morgonen
og tiend den tredje dagen!
5 # 3 Mos 7,11ff Brenn takkoffer av syra brød,
rop ut frivillig offer, lat det høyrast!
For det er slik de likar å ha det, israelittar,
seier Herren Gud.
6Eg lét dykk vera utan mat i munnen i alle byar
og utan brød alle stader.
Men de vende ikkje om til meg,
seier Herren.
7 # 1 Kong 17,1; Jer 14,3f Eg heldt regnet tilbake for dykk
då det endå var tre månader til hausten.
Eg lét det regna over éin by,
men over ein annan lét eg det ikkje regna.
Eitt jordstykke fekk regn,
eit anna fekk ikkje regn og tørka ut.
8Både to og tre byar raga av stad
til ein og same by for å drikka vatn,
utan å få sløkt tørsten.
Men de vende ikkje om til meg,
seier Herren.
9 # 5 Mos 28,22; Joel 1,4ff; Hag 1,11; 2,17 # 4,9 kornsot og svartrust plantesjukdomar. Eg slo dykk med kornsot og svartrust.
Grashopper åt opp
dei mange hagane og vinmarkene dykkar,
fikentrea og oliventrea.
Men de vende ikkje om til meg,
seier Herren.
10 # 2 Mos 9,3ff Eg sende pest mot dykk som eg gjorde mot Egypt.
Eg drap dei unge mennene med sverd.
Hestane gav eg til hærfang.
Eg lét stanken frå dykkar eigen leir
stiga opp i nasen på dykk.
Men de vende ikkje om til meg,
seier Herren.
11 # 1 Mos 19,24f Eg øydela dykk
slik Gud la Sodoma og Gomorra øyde.
De var som ei utbrend vedskie, raka ut av elden.
Men de vende ikkje om til meg,
seier Herren.
12 # 2,13ff; 3,11f; 4,2f Difor vil eg gjera slik mot deg, Israel!
Og fordi eg vil gjera dette med deg,
må du bu deg på å møta din Gud, Israel!
13 # 5,8 For sjå, han som formar fjella og skaper vinden,
han som fortel mennesket kva det tenkjer,
han som skaper morgonròde og mørker
og fer fram over høgdene på jorda,
Herren, allhærs Gud, er namnet hans.

Currently Selected:

Amos 4: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy