YouVersion Logo
Search Icon

Amos 1

1
1 # 2 Kong 14,23ff; 15,1ff; Jes 1,1; Hos 1,1+; Am 7,14 # 1,1 Tekoa liten by ca. 17 km sør for Jerusalem. Jf. 7,14f. før jordskjelvet Tidspunktet er ikkje nærare kjent. Jordskjelv var det ofte i Israel, m.a. blir det nemnt eit då Ussia var konge, Sak 14,5. Ord av Amos, ein sauebonde frå Tekoa, det han såg om Israel i dei dagane då Ussia var konge i Juda og Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel, to år før jordskjelvet.
Dom over grannefolka
2 # Hos 11,10; Joel 1,10+; 3,21+; Am 3,4.8 Han sa:
Herren brøler frå Sion,
frå Jerusalem ljomar røysta hans.
Beitemarkene til gjetarane skal sørgja,
Karmels topp skal tørka.
3 # 2 Sam 12,31; 2 Kong 8,12; 13,7; Jes 17,1ff; Jer 49,23ff; Sak 9,1 # 1,3 Tre … ja, fire gong på gong. Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Damaskus, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei treskte Gilead med jerntaggar.
4 # 2 Kong 13,24f; Jer 49,27 Eg sender eld mot Hasaels hus,
han skal øyda Ben-Hadads borger.
5 # 1,5 Aven-dalen kanskje dalen mellom Libanon og Antilibanon. Bet-Eden eit aramearrike ved Eufrat eller ikkje langt frå Damaskus. Kir land i Mesopotamia, det opph. heimlandet til aramearane. Jf. 2 Kong 16,9; Jes 22,6; Am 9,7. Eg bryt sund portbommen i Damaskus,
ryddar ut han som tronar i Aven-dalen,
og han som ber septer i Bet-Eden.
Folket i Aram skal i eksil til Kir,
seier Herren.
6Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Gaza, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei dreiv alle i eksil og gav dei over til Edom.
7Eg sender eld mot muren kring Gaza,
han skal øyda borgene hennar.
8 # Jer 47,5f; Sef 2,4f Eg ryddar ut han som tronar i Asjdod,
og han som ber septer i Asjkalon.
Eg lyfter handa mot Ekron,
og resten av filistrane skal gå til grunne,
seier Herren Gud.
9 # 1 Kong 5,12; Jes 23,1ff; Esek 26–28 Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Tyros, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei gav over til Edom alle som dei dreiv i eksil,
dei kom ikkje pakta mellom brør i hug.
10 # Jer 47,4; Joel 3,9 Eg sender eld mot muren kring Tyros,
han skal øyda borgene der.
11 # Jes 34; Jer 49,7ff; Esek 25,12; Joel 3,24; Ob; Mal 1,2ff Så seier Herren:
Tre ugjerningar av Edom, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei jaga brørne sine med sverd,
dei viste inga miskunn.
Dei heldt alltid fast på sin harme,
vreiden vakta dei i det endelause.
12 # Jes 63,1; Ob 9 # 1,12 Teman område i Edom, ofte nytta om heile landet. Bosra ein by i Edom. Eg sender eld mot Teman,
han skal øyda borgene i Bosra.
13 # Jer 49,1ff; Hos 14,1+; Sef 2,8ff Så seier Herren:
Tre ugjerningar av ammonittane, ja, fire
– eg held det ikkje tilbake!
For dei skar opp gravide i Gilead
og utvida grensene sine.
14 # 1,14 Rabba hovudstaden til ammonittane, i dag Amman. Eg set fyr på muren kring Rabba,
eld skal øyda borgene der
under kampropa på stridens dag,
i stormen på uvêrsdagen.
15Då skal kongen deira gå i eksil
saman med stormennene,
seier Herren.

Currently Selected:

Amos 1: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy